Hopp til innhold

Saksøker helseføretak etter at baby døydde

Renate Skutholm og Tore Korneliussen mista sonen sin kort tid etter fødsel. No går dei til sak mot helseføretaket.

Renate og Tore

TIL SAK: Sonen til Renate Skutholm og Tore Korneliussen døydde kort tid etter fødsel på Molde Sjukehus. Dei meiner Helse Møre og Romsdal har halda grovt aktlaust.

Foto: Roar Strøm / NRK

Olav Johannes skulle ha vore eitt år og ni månader i dag, men på grunn av feilbehandling på sjukehuset i Molde, døydde han av ein alvorleg hjerneskade dagen etter at han vart fødd.

Statsforvaltaren konkluderte med at babyen kunne ha overlevd om dei fekk den hjelpa dei hadde behov for.

I haust avslo Helse Møre og Romsdal eit krav frå foreldra om éin million kroner i oppreisning. Det skjedde trass i at helseføretaket har beklaga dødsfallet og peika på alvorleg svikt i eigne rutinar.

Cecilie Sethil Stuberg er advokaten til foreldra.

Ho seier at dei går til sak fordi leiinga ved sjukehuset ikkje er einige i foreldra sin påstad.

– Dei vil ha ein dom som stadfestar at sjukehuset har handla grovt aktlaust, seier ho.

I tillegg krev dei ei økonomisk erstatning for dødsfallet.

– For foreldra er det ein måte å vise at ansvaret for dødsfallet ligg på sjukehuset, seier Stuberg.

Advokaten trur foreldra har svært gode sjansar for å vinne fram i retten.

Foreldra ynskjer ikkje å kommentere saka no.

Tore ved gravstøtta

PAPPA: Tore Korneliussen ved grava til sonen Olav Johannes. Guten fekk ein alvorleg hjerneskade og døydde kort tid etter fødsel.

Foto: Roar Strøm / NRK

Helse Møre og Romsdal seier at det ikkje er naturleg å kommentere enkeltsaker som skal bli behandla i rettssystemet, men at dei er svært lei seg for det som har skjedd, og har beklaga dette.

No har helseføretaket frist fram til 17. januar på svare på stemninga. Om ikkje partane blir einige før det, hamnar saka i retten.

– Kan ha rett på erstatning

NRK har undersøkt kor mykje norske sjukehus har betalt ut i erstatning dei siste fem åra. Undersøkinga viser at det er svært få slike utbetalingar, direkte frå helseføretaket, som er offentleg kjende.

Enkelte føretak, som i Møre og Romsdal, seier dei ikkje betalar ut erstatning direkte i det heile tatt.

Vanlegvis kan pasientar søke erstatning med Norsk pasientskadeerstatning.

I nokre tilfelle har ein òg rett på erstatning frå helseføretaket.

Jan-Inge Thesen har vore advokat i fleire saker med erstatningskrav mot sjukehus:

Han seier ein har rett på oppreisning frå helseføretaket dersom dei har handla grovt aktlaust eller med forsett.

– Det kan til dømes vere om feilen skjer på grunn av at ei avdeling er underbemanna, eller det er uforsvarlege arbeidsforhold på sjukehuset, seier Thesen.

Jan Inge Thesen

ADVOKAT: Jan-Inge Thesen har vore advokat i fleire saker der pasientar eller pårørande har søkt om erstatning frå norske helseføretak.

Foto: PAUL PAIEWONSKY / ADVOKATFIRMAET ROBERTSEN

Når det kjem slike krav, så tek gjerne helseføretak kontakt og prøvar å inngå ein avtale. I eit slik forlik er det ofte krav om at avtalen skal vere hemmeleg, ifølgje Thesen.

– På mange måtar kan det vere uheldig. Helseføretaka vil ikkje ha noko blest om erstatningssaker. Om avtalen og pengesummen er hemmeleg, får saka mindre merksemd, seier Thesen.

Det trur han er ein av grunnane til at det ikkje er så vanleg å krevje erstatning frå helseføretaka.

– Det er ei erstatning som ein har lovfesta krav på, men dessverre er det svært få som kjenner til det. Det heller ikkje noko du får informasjon om. Du må vite om det, seier Thesen.