Normal

Pappa Nyland jubla ved bussrattet då Ørjan gjekk til cupfinalen

Pappa Nyland er bussjåfør, og var midt i ein av dei krappaste svingane på Sunnmøre det blei klart at Molde, med sonen Ørjan i mål, sikra seg ekstraomgangar i semifinalen.

En av heltane i gårsdagens oppgjør heter Ørjan Håskjold Nyland. Faren til Moldes målvakt Jostein, har trent Ørjan i mange år og han vet grunnen til at sønnen har blitt så god

Jostein Nyland var i mange år trenar for sonen sin Ørjan Håskjold Nyland. I straffekonkurransen i semifinalen blei Ørjan nok ein gong helt, då han redda siste straffen og Molde gjekk til cupfinalen.

Kampen var på overtid. Lillestrøm var i føringa med 2-1. I Molde sitt mål sto Ørjan Håskjold Nyland. I bussen i heimbygda sat pappa Jostein Nyland. Han er bussjåfør, og nærma seg ein av dei krappaste svingane på hovudvegane på Sunnmøre. Begge trudde nok at cupdraumen var i ferd med å forsvinne.

Men det var lagt til ekstra tid. Og Magne Hoseth fekk tak i ballen. Han sende ballen i ein boge, og ballen suste i nettet bak ein sjanselaus Lillestrøm-målmann.

Det måtte straffesparkkonkurranse til for at Molde kunne slå Lillestrøm i torsdagens semifinale. Og Moldes keeper Ørjan Nyland ble den store helten.

Ørjan Håskjold Nyland blei helten, då han heilt til slutt redda siste straffen. Det blei Molde og ikkje Lillestrøm som skal møte Rosenborg i Cupfinalen.

Dramaet levde ikkje berre i heksegryta på Åråsen. Også i bussen i Volda sto lyden på radioen på, og både sjåfør og passasjerar fekk ta del i det som hende. Bussen var på veg mot Eksetsvingen, vest for Volda sentrum.

– Eg må vedgå at då sa det pang. Eg ropte jippi. Og eg konstaterte at det blei ekstraomgangar. Så kunne eg køyre stille og roleg vidare inn mot Volda sentrum, fortel far til keeperhelten Ørjan Håskjold Nyland, Jostein Nyland.

Dagen etter er Jostein Nyland på plass der det heile starta, ikkje så veldig langt frå den omtalte Eksetsvingen. For det var på Langemyra grusbane på Mork at Ørjan Håskjold Nyland starta forballkarrieren sin. Ørjan var 6-7 år gamal og pappa Jostein var trenar.

Vi terpa mykje. Men etter kvart fekk eg beskjed om at treninga mi var gamaldags, og eg kunne jo ikkje lære han anna enn dette, ler Jostein Nyland.

Moldes manager Ole Gunnar Solskjær var ikke imponert over kampen isolert sett, men skryter veldig av egen keeper Ørjan Håskjold Nyland etter kampen.

Manager Ole Gunnar Solskjær har berre godord å seie om Ørjan Håskjold Nyland.

Jostein Nyland var sjølv keeper i 15 år. Han starta i Clausenengen. Seinare vart det Søya før han etter kvart hamna på Sunnmøre.

Etter kvart som Ørjan Håskjold Nyland vaks, blei det stadion i Volda som blei arenaen hans. Men han byrja ikkje som keeper med ein gong. Lenge spelte han faktisk spiss på laget. Han har også spelt handball og han har drive med alpint.

Det har vore svært positivt for Ørjan å drive med allsidig idrett, seier Jostein Nyland.

Ørjan Håskjold Nyland utmerka seg med evnene sine tidleg, og fekk høve til å utvikle seg saman med eldre fotballspelarar. I dag er han 23 år, og framleis ein ung keeper.

Då han var 6/7 år spelte han mot dei som var 6/7 år eldre. Då fekk han bryne seg. Det var ikkje akkurat nokon frøkenfotball som blei spelt der, seier han og legg til at taklingane på Langemyra-grusen kunne vere ganske så harde.