Papirfoto er i vinden igjen

Stadig fleire overfører bilete frå mobiltelefonen til papir. No er det igjen populært å framkalle bilete.

Skjold Lyshol

Fotograf Skjold Lyshol studerer eit digitalt bilde han har forstørra og tatt ut på glansa papir.

Foto: Sissel Brunstad / NRK
Skjold Lyshol

Skjold Lyshol har vore fotograf i over 50 år, og gler seg over at papirfoto har fått renessanse i ei digitalisert verd.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Ei nostalgisk bølgje med gamaldagse papirfotografi har slått innover landet. Fotobutikkar opplever stor pågang frå kundar som vil ha overført bilete tekne med mobiltelefonen til papir.

– No vil folk igjen ha bilete å halde i. Bilete dei kan studere på gamlemåten. Ein pc- eller mobiltelefonskjerm er altfor lite konkret. Dette er berre kjempeartig, smiler fotografen Skjold Lyshol i Sykkylven tilfreds.

71 -åringen har drive som fotograf sidan han var 20. Med ny teknikk som opna for den digitale verda, trudde han lenge at papirfotografiet var dødt.

– Folk er vant med at alt er på skjerm. No vil mange tilbake til det gamle og ha bilete på papir, slik at dei kan henge dei på veggen eller lime dei inn i eit fotoalbum. Det er det som er inn no, seier Lyshol.

Forvilt over å miste bilete

Bengt Lyshol

Fotograf Bengt Lyshol seier både unge og eldre vil sikre digitale bilete ved å printe dei ut.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Skjold jobbar saman med sonen sin Bengt hos Fotograf P.P. Lyshol i Sykkylven, og fotografering har vore i familien i ei årerekke. Far og son kopierer dagleg papirutgåver av digitale fotografi både frå mobilar og datamaskiner.

Bengt trur det er fleire grunnar til at det no har blitt meir populært å framkalle bilete igjen.

– Det er mange som opplever å miste bilete som dei har lagra på telefonen, datamaskina eller på harddisk. Når desse krasjar er det mange som blir veldig forvilte, seier Bengt.

Han fortel vidare at det både er unge og gamle som no ønskjer å få bileta sine på papir.

Bengt og Skjold Lyshol

Far og son, Bengt t.v. og Skjold Lyshol, kopierer dagleg papirutgåver av digitale fotografi frå både mobilar og datamaskiner.

– Det er ei katastrofe for dei fleste å miste desse bileta. Vi brukar mobilen stadig meir, og mange har fleire hundre bilete på mobilen sin. No vil folk ha meir oversikt over dei bileta dei har, seier Skjold.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.