NRK Meny
Normal

E-boka skviser ikkje ut papirboka

Papirbøkene held framleis stand trass den kraftige auken i salet av elektroniske bøker.

Bøker

Nye, innbundne bøker er dei vanskelegaste å sel, men takka vere pocketbøkene held salet av papirbøker seg på det jamne.

Foto: Trond Vestre / NRK

Den sterke veksten i salet av elektroniske bøker har ikkje tatt knekken på papirbøkene, er bodskapen frå mange av bokhandlarane i Møre og Romsdal.

Det er først og fremst salet av pocketbøkene blomstrar, mens det er tyngre å selje nye, innbundne bøker.

Salet har gjort dystre spådommar til skamme, meiner Silje Wanner ved Ark-butikken på Futura i Kristiansund.

Bente Ødegård

Bente Legernes Ødegård føler seg ikkje gammaldags sjølv om ho helst vel papirbøkene. 'Baklengs inn i framtida,' ler ho spøkefullt.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Ein skulle kanskje trudd det så raskt som den teknologiske utviklinga har vore, men vi ser at det går ganske bra for papirboka enno. Eg trur det vil ta ein del år før vi ser noko særleg endring der, seier ho.

Les og:

Best med bok i handa

– Eg les helst papirbøker, det er det kjekkaste, seier Bente Legernes Ødegård.

Tuva Karine Iversen

Tuva Karine Iversen les mykje, og liker følelsen av å ha boka i handa.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Du kan halde i dei, legge dei frå deg og ta dei att. Det er mykje lettare å lese dei enn det er å lese på ein skjerm, synest eg.

Tuva Karine Iversen er og ivrig lesar, og ho er av same oppfatning.

– Eg føler papirbøker er litt meir "ekte" i forhold til digitale bøker, seier ho.

Les og:

Folk les meir

Jarle Løken

Butikksjefen ved Bok & Media på Moa i Ålesund, Jarle Løken, trur folk les meir no enn før.

Butikksjefen ved Bok & Media på Moa i Ålesund, Jarle Løken, er ikkje overraska. E-bøkene gjev lesarane ein ny marknad å stelle seg til, i tillegg til papirbøkene heller enn på tross av. Folk les også meir no enn før, trur han.

– Totalmarknaden har auka, og den auken står e-bøkene for. Salet av papirbøkene har på ein måte flata ut og held seg på det jamne.