Både skarpe, uventa lydar og kunstig lys om natta, kan skape fryktreaksjonar og panikk hos fuglar, seier den anerkjente ornitologen.
Tidlegare i dag blei to av dei tre sakna pingvinkyllingane i Atlanterhavsparken i Ålesund funne døde i reirkassene sine.
– Panikkslagne pingvinforeldre vil nok handle ut frå å berge sitt eige liv. I ein slik situasjone betyr ikkje livet til kyllingane deira noko, seier Folkestad.
Et opp ungane for å beskytte
Også nyfødde lam kan bli trampa i hel av sauemor dersom ho får panikk.
For nokre dyreslag som mink og svin, kan frykt og stress føre til at dei rett og slett et opp ungane sine for å verje dei.
– Hos fuglar er det ikkje noko tilsvarande instinkt. Men hos enkelte rovfuglar som hubro, kan aggresjon og reint sinne føre til at dei tek av dage sitt eige avkom, seier Alv Ottar Folkestad.
Skal lite til
– Kor lite skal til for å stresse eit pingvinpar så sterkt at dei trampar i hel kyllingane sine?
-– Det er vanskeleg å slå fast. Utan å kjenne til pingvinar inngåande, kan eg seie at gitte situasjonar kan skape vanvettig frykt hos fugl. Då skal det lite til for at dei trampar i hel ungane sine.
Fugleforeldre som får panikk, er sjølvsagt farlegast for nyklekte fugleungar.
– Dess mindre fugleungane er, dess farlegare kan panikk hos foreldra vere.
Folkestad seier at andre fugleungar, som andungar og dueungar, også kan bli trampa i hel av panikkslagne foreldre.
Sjå framover
Alv Ottar Folkestad vil ikkje kommentere direkte korleis Atlanterhavsparken har handtert situasjonen som oppstod då tre pingvinkyllingar og eitt egg forsvann, 14. mai.
Til no har leiinga ved Atlanterhavsparken hatt mistanke om at folk har tatt livet av ungane. Fire russ er sikta etter dyrevernlova fordi dei tok seg inn på området.
Leiinga har venta med grundigare gjennomgang av hekkområdet fordi pingvinane har vore svært oppskaka siste dagane.
– Det er viktigare å tenkje på kva som skal skje framover, enn å spekulere i kva ein kunne ha gjort overfor noko ein ikkje kunne ha førestilt seg, seier den anerkjente ornitologen.