Hopp til innhold

Kaffibrennarar frå Møre og Romsdal av dei beste i landet

Då NM i kaffibrenning gjekk av stabelen i helga gjekk både andre-, tredje- og fjerdeplassen til kaffibrennarar frå Møre og Romsdal. – Eg synst dette var utruleg heftig, seier kaffibrennar Oliver Hanken.

NM i kaffebrenning

Ein ukjent type kaffibønner skulle brennast, og dei to kaffibrennarane frå Ålesund fekk ein andreplass og ein fjerdeplass i NM i kaffibrenning.

Foto: Oliver Hanken

Jacutrioen Gunnar Lillevold, Oliver Hanken, og Anne Birte Bjørdal Hanken

Gunnar Lillevold, Oliver Hanken, og Anne Birte Bjørdal Hanken starta opp kaffibrenneriet Jacu i Ålesund i 2011.

Foto: Privat

I tre dagar har Oliver Hanken og Gunnar Lillevold deltatt i NM i kaffibrenning for kaffibrenneriet Jacu i Ålesund. Oliver Hanken endå på ein andreplass, og Gunnar Lillevold fekk ein fjerdeplass for Jacu.

– Dette har vore ein lang innsats. Me har jobba med dette over lang tid, så det var veldig kjekt, seier Oliver Hanken.

Fleire frå distriktet på pallen

Marianne Konstanse Gjeldnes

Marianne Konstanse Gjeldnes under NM i kaffibrenning. Ho sikra seg ein tredjeplass.

Foto: Privat

På førsteplass var kaffibrennar Audun Sørbotten som tidlegare har jobba for Solberg & Hansen, og tredjeplassen fekk Marianne Konstanse Gjeldnes frå Kristiansund.

Ho har jobba med kaffi i ti år, og jobbar no som kaffibrennar for Solberg & Hansen i Oslo.

– Eg har ikkje jobba med kaffibrenning så lenge her i Noreg, så eg er veldig overraska over at eg fekk pallplassering, seier Gjeldnes.

– Det er heilt utruleg. Eg er veldig stolt over meg sjølv og resten av deltakarane. Eg har lært mykje i NM, for du blir aldri utlært i kaffi, seier ho.

Jamn på pallen

NM i kaffebrenning

Resultatet av kaffibrenninga til Oliver Hanken gav ein andreplass i NM i kaffibrenning.

Foto: Oliver Hanken

NM i kaffibrenning blei i år arrangert for tredje gong, og vinnaren får reise til VM i Göteborg. Til saman deltok sju kaffibrennarar, og under konkurransen skulle kaffibrennarane brenne ein type kaffibønner dei ikkje visste noko om på førehand.

Då vinnarane vart annonsert var det mykje skryt å hente for Oliver Hanken.

– Dommarane sa at det var to kokkar som utmerka seg og presiserte at det var utruleg likt mellom dei to. Det var berre eit par poeng som skilde oss frå førsteplassen, så det var litt ergeleg at me var så nært å få kunne reise til VM, seier Hanken.

– Dei sa dei synst det var imponerande det me hadde gjort ut av kaffien. Me hadde også rett i at kaffien var frå Etiopia, så me er utruleg nøgde, seier han.

Lærerikt å delta

Gunnar Lillevold

Gunnar Lillevold under NM i kaffibrenning i Oslo. Lillevold enda på fjerdeplass i konkurransen.

Foto: Oliver Hanken

Når det først er noregsmeisterskap nyttar kaffibrennarane tida også til å lære noko nytt. Hanken seier det er god delekultur i miljøet, og under konkurransen fekk deltakarane også «cupe», altså smake på kaffien.

– Då snakka me veldig mykje om forskjellane på brenningane. Me har lært masse, og me har blitt kanskje hakket sikrare på at me er på rett veg på det me gjer, seier Hanken og seier det er stort å hamne på pallen i noregsmeisterskapet.

– Noreg blir betrakta som ein føregangsland på spesialkaffi fordi me brenn så veldig lyst, så det er veldig mange som følger med på korleis denne konkurransen går, seier han.