Hopp til innhold

Påkøyrsel bakfrå i Isfjorden

Oppsummert

Naudetatane rykka ut etter meldingar om at ein bil hadde køyrt inn i ein annan bakfrå på fylkesveg 64 mellom Åndalsnes og Isfjorden i Rauma.

  • Person frakta til sjukehus

    Føraren av bilen som vart påkøyrd bakfrå i Isfjorden vert frakta til Molde sjukehus i ambulanse, melder politiet på Twitter. Personen er meldt å vere lettare skadd. Politiet beslaglegg førarkortet til føraren som køyrt inn i bilen framom seg, personen må ha vore uoppmerksam og vert difor meld for dette. Det er ikkje mistanke om køyring i ruspåverka tilstand. Bilberging er bestilt.

  • Påkøyrsel bakfrå i Isfjorden

    Ein bil skal ha køyrt inn i ein annan bakfrå på fylkesveg 64 mellom Åndalsnes og Isfjorden i Rauma. Naudetatane er på staden. Det er meldt om at ein person som er involvert i trafikkulykka føler seg dårleg, seier operasjonsleiar i politiet, Rolf Anders Kårstad. 110-sentralen melder om svært glatte vegar på staden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL