Hopp til innhold

Påkøyrd i gangfelt

Ein 13 år gamal gut blei i dag påkøyrd i eit gangfelt på Vingården ved Moa i Ålesund. Politiet vil no ha kontakt med personar som såg hendinga. Køyretøyet kom frå sentrum og køyrde i retning Moa. Politiet bed om at eventuelle vitne til hendinga tek kontakt på telefon 02800.