Hopp til innhold

Påkøyrd i gangfelt

Ei kvinne i 60-åra er påkøyrt av ein bil i eit gangfelt i Ulsteinvik. Kvinna er truleg ikkje alvorleg skada, men blir køyrt til sjukehuset i Ålesund i ambulanse, seier Per Åge Ferstad i politiet. Det var ein ung kvinneleg bilførar som køyrde på kvinna, og førarkortet hennar er beslaglagt. Politiet etterforskar saka vidare.