NRK Meny
Normal

Se video av at politiet skyter hull i «narrebomben»

Bombegruppa har uskadeliggjort den mistenkelige pakken i Langevåg. Den inneheldt leidningar.

Politiet uskadeleggjorde måndag den mistenkelege pakken i Langevåg utanfor Ålesund.

Politiet uskadeleggjorde den mistenkelege pakken i Langevåg ved Ålesund måndag føremiddag.

Mistenkelig pakke i Langevåg

Åse Hoddevik fann denne pakken 10 meter frå huset i går.

Foto: Otto Jan Hoddevik / NRK
Mystisk pakke i Langevåg

Dette var innehaldet i den mistenkelege pakken i Langevåg

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK
Jarle Opsal

Politiførstebetent Jarle Opsal seier pakken var meint for å skremme.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK
Åse Hoddevik

Åse Hoddevik meiner narrebomba var ein grusom spøk. Sjølv har ho hatt det forferdeleg etter at ho fann pakken i går kveld.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Bombegruppa frå Oslo kom til Sunnmøre i dag tidleg etter at Åse Hoddevik i går fann ein pakke med sprengstoffmerke utanpå. I dag vart dei næraste naboane evakuerte, medan bombegruppa jobba.

– Pakken inneheldt leidningar og utstyr som kunne likne på ei bombe. Den var meint til å skremme, seier Jarle Opsal. Han er politiførstebetent ved Sunnmøre politidistrikt.

Skaut med vassgevær

Ca kl 11.20 dag skaut bombegruppa hol i pakken med vassgevær og uskadeliggjorde den. Dei tok også røntgen av pakken, men fordi det var så mykje tape rundt, gjekk det ikkje an å sjå kva den inneheldt.

LES OGSÅ:

Politiet og krimteknikarar vil etterforske saka vidare.

– Det vart brukt mykje ressursar på denne pakken og vi tar saka alvorleg, seier Opsal.

Nabo er letta

For Åse Hoddevik har det vore nokre tøffe timar. Ho var livredd for kva pakken skulle innehalde og har knappast nok fått blund på auge i natt.

– Dette er ikkje noko triveleg i det heile teke. No er eg berre veldig glad, seier Hoddevik.

Ho meiner at narrebomba var ein grusom spøk og har nesten ikkje ord. No håper ho politiet finn ut kven som står bak.

Fleire hus vart evakuerte etter funn av ein mistenkeleg pakke i Langevåg ved Ålesund. Politiet undersøkte pakken måndag føremiddag.

Undersøker mistenkjeleg pakke i Langevåg