Pågripen for truslar

Laurdag kveld pågreip politiet ein mann i slutten av 30-åra i Sykkylven. Pågripinga skjedde etter at mannen skal ha kome med truslar. Den skjedde utan dramatikk, og mannen blei frakta til arresten i Ålesund, der han blir avhøyrt etter kvart.