NRK Meny

Pågripen etter væpna aksjon

Ein mann er pågripen på Valderøya i Giske i ein væpna aksjon. Mannen er sikta for å ha brukt kniv mot ein annan mann.

Laster kart, vennligst vent...

Like etter klokka 18 vart ein mann i 20-åra pågripen av politiet.

Politiet fekk melding om ei kroppskrenking tidlegare laurdag, og på bakgrunn av det den fornærma mannen forklarte, valde politiet å gå til væpna aksjon. Han vart pågripen like etter klokka 18.

– Pågripinga skjedde utan dramatikk, seier jourhavande Kirsti Hammerø. Den sikta mannen er i 20-åra og er ein kjenning av politiet.

Hammerø seier at det skal ha blitt brukt kniv mot den fornærma, som har vore til legebehandling. Ho seier at det er uvisst om den fornærma mannen har skader i strafferettsleg forstand.

Har det vore ei konflikt mellom dei to mennene?

– Det er uklart om kva som var bakgrunnen for det som skjedde, seier Hammerø.

No skal politiet avhøyre den sikta mannen. Dei har også innhenta vitneforklaringar.

– Vi skal ta stilling til kva som skjer vidare når vi har samanheldt forklaringa til den sikta med vitneforklaringane, seier jourhavande.

Siste video/lyd

To tidlegare tilsette i Prezioso Linjebygg i Molde gjekk til sak då dei meinte dei var usakleg oppsagde. 
Dei tapte i tingretten og vann fram i lagmannsretten.
I dag vart det bestemt at også sunnmøringar skal sortere matavfallet sitt. 
I Romsdal og på Nordmøre har dei gjort det lenge. Sju av ti heimar har tilbod om dette her landet.
I dag var det felles formannskapsmøte for Tingvoll, Kristiansund, Gjemnes og Averøy.