NRK Meny
Normal

Påbode å lage juleøl

I gamle dagar braut ein lova dersom ein ikkje brygga øl til jul.

Mads Langnes

ØL-HISTORIKAR: - Det stod i lova at gardar over ein viss storleik skulle brygge øl til jul, seier konservator Mads Langnes ved Romsdalsmuseet.

Foto: Åge André Breivik / NRK

Det er mange måtar å verte kriminell på, og opptil fleire av dei inkluderer alkohol.

Eksempel på slike lovbrot kan vere å drikke på opa gate, eller å verte så rusa at ein er til bry for andre folk.

Måtte brygge øl

I gamle dagar såg ein litt annleis på alkoholen.

- Det stod i lova at gardar over ein viss storleik skulle brygge øl til jul, seier konservator Mads Langnes ved Romsdalsmuseet.

Ifølgje konservatoren stod dette ølkravet i både Gulatingslova og Frostatingslova.

- Det var ein gamal tradisjon frå tidleg kristen og hedensk tid. Ølet og brygginga høyrde til feiringa av vintersolverv, og etterkvart vart det ein del av juletradisjonen.

Fekk truleg bøter

Langnes er usikker på straffa for dei som var så syndige at dei ikkje brygga øl til jul.

- Eg vil tru dei fekk bøter.

- Når vart dette påbodet fjerna?

- Dei vart nok fjerna etterkvart som det kom nye lover i den dansk-norske staten, men tradisjonen levde vidare. Det var vanleg at det skulle bryggast øl til langt ut på 1900-talet.

Merka av på primstaven

Primstav

PRIMSTAV: Ølbrygginga var markert like før jul på primstaven.

Foto: Lars Verket

Den gamle kalendaren primstaven skulle sikre ølbrygginga.

- På den gamle primstaven var ofte 21. desember merka med ei bøtte eller ei tønne. Denne dagen vart kalla Thomas-messe, og det var ølbryggedagen.

Det var viktig å gjere ein god jobb.

- Det låg mykje ære i godt øl. Det var noko av det beste ein kunne tilby vener og familie i julehøgtida.

Tradisjonen døde ut

Men når avholdsrørsla går inn, går ølet ut.

- Det er få stader avholdsrørsla bredde så om seg tidleg på 1900-talet som i Møre og Romsdal. Det gjorde nok sitt til at ølbryggetradisjonane forsvann dei fleste stader, seier Mads Langnes.

Han trur også det kan ha spelt ein rolle at folk slutta å dyrke korn, som er ein av ingrediensane i ølet.

- Dermed måtte ein kjøpe kornet, og det var ikkje lenger frå eigen åker.