Hopp til innhold

Sunnmørsjente på veg mot verdstoppen i trial

17-åringen Erika Melchior frå Valldal gjer det svært skarpt i motorsykkelsporten trial.

Erika Melchior

17-åringen Erika Melchior haustar medalje etter medalje i sporten trial.

Foto: Peter Melchior

Det vart mykje reising og mange medaljar på trial-utøvaren Erika Melchior i 2013, og mykje tyder på at det vert meir av det same i 2014.

– Det blir truleg Andorra på lag-VM og mykje reising i Noreg, men vi bestemt oss for om vi skal bli med på alle EM-rundane i år, for dei ligg ganske spreidde i år, seier 17-åringen om planane ho og reisefølgjet – pappa Peter Melchior – har for året som kjem.

Vil bli av dei beste i verda

Erika Melchior

Sidan ho var lita har 17-åringen storkosa seg på motorsykkelen i vanskeleg terreng.

Foto: Peter Melchior

Det siste året har ho vunne eller fått palleplass på fleire norske og nordiske meisterskap. 17-åringen har dessutan kome høgt på dei internasjonale resultatlistene med blant anna ein 8. plass i EM.

No trenar ho for å bli blant dei 20 beste i VM og blant dei seks beste i EM.

– Dette er høge mål, men eg jobbar knallhardt for å nå dei. Eg har fått trent bra i løpet av jula, så no er det berre å halde fram mot sesongstart i april, seier Melchior.

Sjølv om trial ikkje er så velkjend i Noreg, er konkurransesporten svært populær i land som Spania og Italia. Det er også her dei sterkaste konkurrentane kjem frå.

– Det vil bli hardt å slå dei, men eg klarer det nok til slutt, seier ho.

– Krev mykje trening

Trial-jenta starta med sporten allereie som femåring. Første åra var ho mest i løypene for å leike seg, men no er det fullt alvor. Til vanleg går 17-åringen på idrettslinja ved Stranda vidaregåande skule der ho har trial som hovudidrett.

– Det krev mykje trening, så det er bra at eg kan bruke delar av skuletida mi på det. Eg køyrer trial 5–6 gongar i veka, så kjem kondisjon og styrke i tillegg, seier ho.

Kommuneambassadør

Melchior innrømmer at trial er ein dyr sport trass i at ho får avslag på delar til sykkelen hennar. Derfor er det godt at blant anna kommunen sponsar ho med nokre ekstra kroner framover. Pengane får ho gjennom rolla som kommuneambassadør for Norddal kommune. Næringssjef Toralv Klokkehaug seier han er stolt av det ho presterer.

– Vi jobbar kvar dag med for å stå fram som ein livskraftig kommunen. Ungdommar som Erika – med all sin energi og vitalitet – synleggjer denne livskrafta på ein svært god måte, seier han.