Hopp til innhold

Bli med på tur med hest og høyvogn

På garden Sandegjerdet på Vigra gjer dei det på gamlemåten – i alle fall av og til. Vi fekk vere med på lasset i ei gamaldags høyvogn trekt av ein fjording.

Kristina Hildre (14) og Harald Hildre i høyvogn

Trivsel i høyvogna: Kristina Hildre (14) og pappa Harald Hildre nyt gardslivet på gamlemåten.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Oppi høyvogna sit Kristina Hildre (14) og pappa Harald Hildre. Dei har vore ein tur i Rørvika på Vigra og raka saman høy som låg att etter maskinene på eit stykke dei slår der. Midt oppi høylasset sit dei og kosar seg medan den grå-blakke fjordingen deira, «Gråen», ruslar stødig bortetter vegen.

– Kan eg få sitje på eit stykke, spør reporter Wilhelm Støylen, og får eit unisont «ja» frå dei to i høylasset. Her kan du høyre radioreportasjen. Klikk på høgtalarikonet og bli med på tur!

Trim og trivsel

Hest og høyvogn

Akkurat som i gamle dagar hentar Kristina og Harald Hildre høy i ei høyvogn med trehjul, trekt av ein fjording. (Klikk på bildet for å gjere det større.)

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Vi brukar å hente høy som ligg att med hesten, så får vi trimma både hesten og oss sjølve litt, seier Harald Hildre, som fortel at dei også har hesteslåmaskin på garden. – Dette er berre kos, vi hadde ikkje klart å ta inn alt med hest og kjerre.

– Før han fekk seg skikkeleg traktor, brukte pappa å slå graset med «Gråen» og hesteslåmaskin, og så henta vi høyet heim. Då stod vi nokre jenter og trakka høyet i vogna, fortel Kristina. – Eg synest ikkje det er skikkeleg gard før ein gjer det skikkeleg sjølv, med hest.

Har lyst til å drive gard

Kristina og Harald bur på garden Sandegjerdet som ligg ved sjøen, like ved enden av flyplassen på Vigra i Giske kommune på Sunnmøre. Der leiger dei ut stallplassar og har ein liten flokk utegangarsauer. Dei 15 søyene og ein vêr produserte 19 lam i år.

Oppveksten på garden har gjort Kristina glad i dyr, spesielt hestar. I tillegg til gardshesten, fjordingen «Gråen», har ho sin eigen ridehest, «Sahara Secret», som er ein arabarhest.

– Det blir litt som traktor og resarbil, kan ein seie, smiler Harald.

– Pappa byrja å lære meg å køyre hest då eg var seks år gammal, fortel Kristina som trur ho veit kva ho vil, sjølv om ho berre er 14 år. – Eg har veldig lyst til å arve garden til pappa, få meg ei lita mark og gjere alt med hest, seier ho.

Klikk på lydspelaren øvst i artikkelen og bli med på køyretur!

Kristina og Harald Hildre i høyvogn

Mest for kos: Kristina og Harald Hildre trivest med hest og høyvogn. (Klikk på bildet for å gjere det større.)

Foto: Wilhelm Støylen / NRK