Hopp til innhold

På trilletur på fjellet

Norsk Fjellfestival i Rauma handlar ikkje berre om å gå på dei høgaste toppane eller å ta dei tøffaste turane. Det kan også vere heilt på bakkenivå.

Trilletur på fjellet

Norsk Fjellfestival byr på aktivitetar både for store og små. I dag blei det arrangert trilletur på fjellet.

Foto: Roar Halten / NRK

Når ein inviterer til tur i dårleg vêr med inga påmelding, då er det spennande å sjå kor mange som dukkar opp.

– Det er veldig vanskeleg å seie. Vi veit faktisk ikkje før dei kjem, seier Lindbjørg Vike i Frelsesarmeen.

Onsdag arrangerte dei trilletur til Herjevatnet i samband med Norsk Fjellfestival i Rauma. Først var dei spente på kor mange som ville møte opp i regnvêret, men så kom dei, ein etter ein, for å vere med på trilletur på fjellet.

Varierte aktivitetar

Etter at store og små hadde gått ein tur, samla dei frammøtte seg til ei pause med songstund ved Herjevatnet.

Guri Reinhardtsen, frivillig under Norsk Fjellfestival.

Guri Reinhardtsen fortel at Norsk Fjellfestival ønskjer å tilby aktivitetar for heile familien.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi har ulike arrangement som dekker alle behov, og som ikkje berre er for dei som vil opp i fjella og ha dei villaste og høgaste opplevingane, seier Guri Reinhardtsen, frivillig under Norsk Fjellfestival.

– Kvifor er det viktig?

– Vi meiner at Fjellfestivalen skal vere for heile familien og ikkje berre dei som vil det mest ekstreme. Vi vil at det skal vere ein festival for heile familien, seier Guri Reinhardtsen.

Vike i Frelsesarmeen meiner at slike turar også er ein viktig del av natur og friluftsliv.

– Det ser ein her. Det er berre å sjå kor vi kosar oss, frå den minste til den største. Dei er flinke og tek ungane med ut, og det er viktig, seier ho.

Norsk Fjellfestival i Rauma handlar ikkje berre om å gå på dei høgaste toppane eller å ta dei tøffaste turene. Det kan også vere heilt på bakkenivå i kontakt med sine mjukaste sider.