Hopp til innhold

På skinner i 90 år

Togstrekket som bind saman Gudbrandsdalen og Romsdalen har stått stødig sidan 1924. Laurdag 29. november er det nøyaktig 90 år sidan Raumabanen offisielt blei opna av Kong Haakon.

Fotograf Hans Berge.

Laurdag 29. november fyller Raumabanen 90 år. FOTO: Hans Berge

Raumabanens åpning : Kong Haakon taler på Lesja stasjon

Opning av Raumabanens. Kong Haakon taler på Lesja stasjon.

Foto: Anders B. Wilse / Norsk Jernbanemuseum, Jernbaneverket

Den 114,2 kilometer lange jernbanestrekninga strekker seg frå Dombås i Oppland fylke og heilt ned til Åndalsnes i Møre og Romsdal, og kan by på fantastisk utsikt, stupbratte fjellsider og store fossar.

– Det er spesielt ein ting eg vil trekke fram med Raumabanen. Det er naturen og atter naturen, seier Bjørn Kåre Alnes.

Den pensjonerte stasjonsmeisteren veit kva han snakkar om. I over 45 år jobba han på jernbana, tretten av desse som stasjonsmeister på Raumabanen.

– Eg kjenner bana ut og inn, og eg har mange gode minner frå den tida, seier Alnes og smiler.

Eit langvarig prosjekt

Raumabanens åpning : fra Åndalsnes stasjon

Åndalsnes stasjon under opninga av Raumabanen i 1924.

Foto: Norsk Jernbanemuseum, Jernbaneverket

Banens lengde er 114,2 kilometer, og har fire kryssingsspor, fem tunnelar og 224 planovergangar på strekningen Dombås-Åndalsnes. I tillegg kryssar jernbana elva Rauma seks gongar i løpet av turen.

Alnes, som er født og oppvaksen på Marstein i Romsdalen følte seg heime på Raumabanen, og er full av lovord om jernbanestrekninga.

– Når du ser på alt dei fekk til byggje den gongen, bruer, kryss og tunnelar, så er det utruleg imponerande, seier han.

Sjølv om Raumabanen offisielt blei opna i november 1924 starta planlegginga av bana allereie i 1869. Då blei det sett ned ein komite som skulle sjå på moglegheita for å byggje ei jernbane til byane i Møre og Romsdal.

Jarle Sanden

Jarle Sanden fortel at usemje var ein av grunnane til at oppstarten på Raumabanen tok så lang tid.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Likevel skulle det gå nærare femti år før bygginga av bana starta opp. Jarle Sanden, museumsdirektør ved Romsdalsmuseet, fortel at usemje var ein av grunnane til at det tok så lang tid.

– Det var lenge eit sterkt ynskje om at Møre og Romsdal skulle bli ein del av jernbanenettet i Noreg, men det var stor usemje om kva dalføre bana skulle leggast til, seier Sanden.

Sjølve bygginga av Raumabanen blei gjort mellom 1912 og 1924, etter at Stortinget vedtok å byggje bana i 1908. Raumabanen fekk stor betydning for fylket.

Frå 1924 og fram til 1970-åra var Raumabanen hovudkommunikasjonsåren for person- og posttrafikken mellom Møre og Romsdal og resten av landet. Bana blei i tillegg eit viktig knutepunkt for handelen i området.

Damplokomotiv med grustog på Kylling bru

Damplokomotiv med grustog på Kylling bru.

Foto: Henriksen & Steen A/S / Norsk Jernbanemuseum, Jernbaneverket

– Å frakte fisk og andre varer til Oslo var blant dei viktigaste funksjonane til Raumabanen den gong, fortel Sanden.

Raumabanen spelte også ei nøkkelrolle ved innleiinga av andre verdskrig, og var med på å frakte 3 000 gullbarrar frå Noregs Bank då Noreg blei invadert 9. april 1940.

Lasten blei sendt frå Oslo til Lillehammer i lastebilar og plassert på eit godstog som frakta dei vidare til Åndalsnes. Frå Åndalsnes blei gullbarrane sendt vidare til Molde og ut av landet.

I dag nyttast Raumabanen hovudsakleg til person- og godstrafikk. På sommaren er det også turisttog på strekninga.

Stort potensial

Sjølve nittiårsjubileet blei markert førre veke og var eit samarbeid mellom handelsstanden i Åndalsnes, NSB og lokale bedrifter på Dombås.

– Vi hadde ei lita feiring på forskot av 90 års dagen, men ventar med ei storfeiring til jernbanelinja fyller 100 år, seier Dag Svinsås, pressevakt i Jernbaneverket.

Dag Svinsås

Dag Svinsås meiner Raumabanen har stort potensial.

Foto: Jernbaneverket

Svinsås fortel at Raumabanen ei viktig strekning med mykje potensial. Han fortel at dei vil halde fram med å satse på bana også i den komande tida.

– Heilt klart. Bana er ein av dei vakraste og mest spektakulære linjene vi har her i landet, seier han

For tida er det buss for tog mellom Åndalsnes og Bjorli på grunn av rasfaren ved fjellpartiet Mannen i Romsdalen.

Godstog får framleis køyre strekninga, og Svinsås seier at dei har prøvd å gjere det beste ut av situasjonen.

– Vi håpar sjølvsagt at strekninga blir open for passasjertog igjen så snart som mogleg, men i mellomtida har vi fått moglegheit til å rydde skog, noko som girpassasjerane ei endå betre utsikt, seier han.

Viktig for reiselivet

Raumabanen har også våre viktig for turismen langs jernbanestrekninga. Bana gir ein unik moglegheit til å komme tett på nokre av dei mest spektakulære naturområda i Norge.

Hilde Gråberg Bakke

Hilde Gråberg Bakke seier at Raumabanen er viktig for turismen i Romsdalen.

Frå toget kan ein blant anna sjå dei berømte Trolltindane, Trollveggen, Romsdalshorn og Norges mest kjente og fotograferte jernbanebru, Kylling bru. Fjellpartiet ved Mannen i Romsdalen har også fått mykje merksemd denne hausten.

Raumabanen har dei siste åra fått internasjonal merksemd, og i 2012 vart strekninga kåra til Europas vakraste togreise av Lonely Planet. I fjor reiste over 27 000 cruisegjester frå Åndalsnes til Bjorli og tilbake igjen.

Hilde Gråberg Bakke, reiselivssjef i Romsdal, meiner at NSB si satsing på opplevingsturar og eigne tog for cruiseturistar har betydd mykje for reiselivet i heile regionen.

– Det har bidratt til å legge til rette for dei besøkande og gjort det mogleg for dei å reise på guida turar inn i eit eventyrlandskap, seier Gråberg.

I tillegg har det økonomiske utbyttet som turismen skapar vore med på å gjere det mogleg å tilby eit togtilbod også resten av året. Gråberg håpar Raumabanen held fram med å vere ein attraksjon for turistar.

– Reiselivet i Romsdal ser fram til 90 nye år med Raumabanen, seier Gråberg.

  • Sjå bilete frå Raumabanen.