Juletreet vaks ukontrollert og spolerte lystenninga i bygda

SJØHOLT (NRK): Krana var for lav, lysa kortslutta og korpset måtte snu då den 27 meter høge julegrana skulle tennast.

Mobilkran må til for å pynte julegrana på Sjøholt

Julegrana i sentrum av Sjøholt står framleis utan lys. No blir det jobba på spreng for å få opp 1000 meter med julelys.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Ireen Eriksson Sjøholt

Ireen Eriksson Sjøholt er leiar for Sjøholt velforeining. Ho har ligge vaken og grubla etter alt trøbbelet med julelysa.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I heile landet blei julelysa tent første søndag i advent. Men ikkje i sunnmørsbygda Sjøholt. Der gjekk alt gale for lystenninga.

Bygdefolket har samla inn 160.000 kroner for å kjøpe nye lys. Ein lokal entreprenør stilte med kran for å montere julelysa, men krana nådde ikkje opp. Ingen hadde målt nøyaktig kor høg den 125 år gamle julegrana i sentrum hadde blitt.

No viste det seg at julegrana var mykje høgare enn dei trudde.

– Det har blitt nokre søvnlause netter og mykje grubling, seier Ireen Eriksson Sjøholt. Ho er leiar for Sjøholt velforeining.

Det var Bygdebladet som først omtalte saka.

Montering av julelys på Sjøholt med mobilkran

Det er ein krevande jobb å montere lys i den 125 år gamle grana.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Gamlelysa kortslutta

Ikkje nok med at krana var for kort. Ei naudløysing var å bruke dei gamle julelysa som hang i treet frå før. Men då lysa blei kopla på, kortslutta straumboksen.

– Det er trist. Vi er spesielt stolt av julegrana vår. Kanskje er det den finaste i landet, seier Runa Klock, som er leiar for kommunedelsutvalet.

Bygda hevdar dei har Nord-Europas høgste julegran på rot.

Runa Klock er leiar i kommundelsutvalet i Ørskog

Runa Klock seier at bygda er spesielt stolte over julegrana som dei hevdar er den høgaste på rot i Nord-Europa.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Kran skal berge jula

Velforeininga har leita desperat rundt etter ein ledig kran som både var høg nok og hadde tid til å lyssette treet.

No er endeleg mobilkrana på plass. Den er henta frå vegarbeid i Geiranger for å hastehjelpe bygdefolket med julestemninga. Det er ikkje fort gjort å montere lys i eit så høgt tre.

Ole Petter Vågnes er «julelysmontør» og meiner bygdefolket har undervurdert kor omfattande det er å feste ein kilometer med lyslenke i det gamle treet.

– Det er utfordrande. Jobben er mykje større enn vi trudde på førehand, seier Vågnes.

Ole Petter Vågnes og Piotr Kudla

Ole Petter Vågnes og Piotr Kudla monterer julelysa.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Skaper magi

Treekspert Daniel Armitage seier at bygda er heldig som har ei så stor gran ståande i sentrum. Det har blitt meir og meir sjeldan fordi folk gjerne vil ha utsikt og ikkje høge tre.

– Eit tre skaper ro og litt magi, meiner arboristen.

Ei vanleg norsk gran kan bli over 40 meter høg. Armitage synest ikkje det er rart at bygdefolket bomma så mykje på høgda på treet.

– Når du går forbi kvar dag ser du ikkje at treet har vakse ein halvmeter siste året. Veksten skjer i toppen, seier Armitage.

Korpset står «stand by»

Treet utan julelys har blitt snakkisen i bygda. Julelysmontørane jobbar så fort dei kan, men velforeininga tør ikkje invitere til ny lystenning før dei er hundre prosent sikre på at alt er under kontroll. Korpset stiller på kort varsel når tida er inne.

– Eg gler meg til at vi skal få tenne grana over helga ein gong. Då blir det musikk og vi tenner med pomp og prakt, seier Ireen Eriksson Sjøholt.

Montering av julelys på Sjøholt

Når julelysa og stjerna er på plass, blir bygda invitert til høgtideleg julegrantenning med korpsmusikk.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK