Hopp til innhold

Rømte frå lukka avdeling

Ein fange har rømt frå lukka avdeling ved Hustad fengsel i Fræna.

Hustad fengsel

Det er her frå Hustad fengsel ein fange rømte sist helg.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Mannen frå Romsdal sat i varetekt for fleire tilfelle av vinningskriminalitet. Fengselsleiar Gjert Skjønberg seier det er sjeldan at fangar rømer, og at fengselet har eit høgt tryggingsnivå.

Fengselsleder Gjert Skjønberg

Gjert Skjønberg er fengselsleiar ved Hustad fengsel.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

- Vi kan stadfeste at det sist helg rømte ein person frå det lukka området ved Hustad fengsel. Fangen rømte natt til laurdag, seier Gjert Skjønberg.

Redde for hus og hjem

Hjemmesoning med fotlenke

Studerer tryggleiken

Røminga ved Hustad fengsel har ført til at det no er sett i gang ein prosess for å studere tryggleiken ved fengselet. Røminga skjedde frå lukka avdeling. Dette tyder truleg på at rømlingen ikkje var med i prosjektet ved fengslet der einskilde fangar vår drive arbeid utanfor fengselsområdet. Dette har vi imdlertid ikkje fått stadfesta frå fengselsleiinga.

- Vi er no i gang med ein større gjennomgang av tryggleiken ved fenselet. Dette ser vi på som heilt naturleg i samband med ei slik hending.

Fulle fengsler skaper problemer

Drapstruet ansatte i fengsel

Innsatte slukket brann

Sunnmøre politidistrikt leitar

Leiinga ved fengselet er svært knappe i den informasjonen dei gir til pressa i denne saka. Det er Sunnmøre politidistrikt som leitar etter mannen og dei har førebels ikkje uttalt seg i saka.

- Ikkje farleg

Mannen som i helga rømde frå Hustad Fengsel er ikkje farleg for andre. Det seier politiadvokat Hilde Haugen. Mannen i 20 åra sat varetektfengsla på lukka avdeling medan politiet etterforska ei rekke vinningsbrotsverk. I følge Haugen blei mannen fengsla fordi ein frykta at han skulle forsøke å skjule bevis.


Veit du meir om denne saka ? Tips oss på mr@nrk.no eller på 70 11 52 00

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no