På eller i Molde?

Er "på Molde" noko som ertelystne sunnmøringar har funne på? Her kan du lese om byar og preposisjonar.

Molde

Molde med ferjekaia

Foto: Odd Sørås / NRK

Kilde: NRK

Blant sunnmøringar er det ei utbreidd oppfatning at vil du terge ein moldensar, skal du seie at han bur Molde. Eller endå verre: på Moille. Og vil du skaffe deg ein uvenn for livet, skal du kalle moldensaren for moilling.

Dette er sjølvsagt ei typisk sunnmørsk overdriving. Moldensarar og andre romsdalingar er med åra blitt altfor tjukkhuda til å ta seg nær av slikt - og likevel: Kanskje ligg det eitt eller anna her?

Eit gardsnamn

Gardsnamnet Molde kjem av mold, altså jord, det var namnet på garden som gav namn til byen. Då eg for uminnelege tider sidan hadde mine første arbeidsdagar i NRK Møre og Romsdal, kom eg i skade for å seie "Moille", som eg alltid har gjort. Eg sa det til og med på lufta, så folk i heile fylket kunne høyre det.

Ein god og akta kollega kommenterte dette vennleg men bestemt: - Kva trur du folk i Molde tenkjer når du seier Moille?

Eg blei svar skuldig. Som fødd og oppvaksen i Moldes nære omland sørom fjorden hadde eg ikkje tenkt over at det skulle vere noko gale i å uttale namnet slik eg alltid hadde gjort, og slik folk i bygdene rundt byen har gjort i generasjonar. I dag er vel den skriftnære uttalen blitt dominerande blant byfolket og i offentleg samanheng, han vinn vel også fram i byens omland, men uttalen "moille" med muljert l er enno levande.

Alf Prøysen

Alf Prøysen

Foto: Børretzen, Sverre A. / SCANPIX

På Molde og Hamar

Men kva med Molde? Er det - slik somme ser ut til å tru - eit sært påfunn av folk som ikkje veit betre eller som vil rakke ned på fylkeshovudstaden? For det heiter jo alltid i ein by?

Nei, så enkelt er det ikkje. Tenk på Prøysen-visa "Hæin Lars æ på Hamar med slakt." Ingen tvil om at det på Hedemarken heiter Hamar. Og Molde og Hamar er langt frå åleine. For sjølv om dei fleste norske byane alltid har hatt preposisjonen i, så finst det ei rekkje unntak.

Høyvekta

Den sørlegaste av dei er Moss - også ein gammal på-by! Det finn vi beviset på i det gamle uttrykket om "høyvekta på Moss".

I gammal tid var det også i byane mange som hadde krøter. Dei måtte kjøpe høy av bøndene i omlandet, som kom til byen med høylassa sine. Der måtte høyet vegast på ei vekt som var laga til dette formålet. At bøndene gjerne tvilte på kor rette desse vektene var, er nokså naturleg. Moss hadde ei vekt på torget som var berykta for å vere unøyaktig. Dette skapte eit uttrykk som blei brukt over heile landet om klokker som viste feil: "Ho går etter høyvekta på Moss."

Kanskje var det også høyvekter på Kongsvinger, på Hønefoss og på Kongsberg? Sikkert er det at preposisjonen på blir brukt også på Notodden og omkring Mjøsa, altså på Hamar, på Gjøvik og på Lillehammer ("Det var på Lillehammer" er ei anna Prøysen-vise). I Trøndelag er det sikker tradisjon for å seie på Røros, på Steinkjer og på Levanger. Og vi skal ikkje gløymt den norske byen som for tida veks raskast: Sandnes, der tradisjonen gir støtte for både i og på.

Så Molde er i godt selskap, og preposisjonen er ingenting å skamme seg over.

Reglar?

Mange har etterlyst ein regel for kva preposisjon vi skal bruke ved bynamn. Somme har prøvd seg med at det er innlandsbyar som brukar . Den regelen gjeld berre eit stykke på veg, som vi ser. Og andre brukande reglar er det vanskeleg å finne.

Slik dei norske byane har vakse det siste halve hundreåret, er det ikkje rart at også språkbruken er i endring. Preposisjonen i er på frammarsj når det gjeld dei fleste av desse "på-byane". Det kjem vel for det første av at svært mange av oss synest det er lettast å ha ein preposisjon å halde seg til når det gjeld alle landets byar.

Dessutan har mange av desse byane no fått ein så stor omkrins at det berre av den grunn fell meir naturleg å seie i enn på - vi vil nok uvilkårleg synast at passar best om eit geografisk nokså sterkt avgrensa område. Samtidig er mange av bynamna kommunenenamn, og det heiter alltid i ein kommune.

Denne utviklinga let seg ikkje stoppe: Preposisjonen på blir nok sjeldnare og sjeldnare å høyre og sjå i samband med Molde og dei fleste andre på-byane.

Gamle og nye byar

Men dei eg no har snakka om, har alle ei lang historie som by. Noko anna er det med oppkomlingar som for eksempel Åndalsnes. Eg høyrer at til og med somme innfødde no prøver seg med å seie "i Åndalsnes". Om det er ei følgje av vedtaket om å gjere staden til by, veit eg ikkje. Sikkert er det at det ikkje let bra for eit øyre med sans for språkleg tradisjon. Det kan nok vere enkelt for ein tettstad å skaffe seg tittelen "by" i dag, men det skal ikkje vere fullt så enkelt å skifte ut den preposisjonen som høyrer til. Eg synest nok at den tradisjonelle preposisjonen bør få leve i minst ein generasjon til - Åndalsnes…

Tips og forslag til "Ord i dag"

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.