På parkeringsplassen står det opp til fleire Mercedesar. Nokre har kome seg til Nordmøre med Tesla. Andre med sykkel.
Vi er på Underleir. Femti vaksne er samla ei heil veke. Vi ser mannfolk som strikkar. Nokre driv med treskjering.
Eir Husby (37) er initiativtakar for leiren som har vore arrangert i sju år. Ho seier dette er ein godlynt leirskule for vaksne.
– Det er litt sånn folkehøgskulen på éi veke. Med skjenkeløyve ...
Ho forklarer at poenget med leiren er at vaksne folk skal kome seg vekk frå kontoret, og gjere noko heilt anna.
HADDE IDEEN: Eir Husby arrangerer Underleir i Øksendal for sjuande året på rad.
Foto: Tore Ellingseter / NRKIngen spørsmål om yrke
Når vi spør folk om kva dei driv med til vanleg, får vi ingen svar. Ein av få reglar på underleiren er at det ikkje skal bli snakka om utdanning, jobb og titlar.
Leirdeltakarane kan heller snakke om brødbaking, sylting, fletting, strikking og kunstmåling. Og lefsebaking og kajakkpadling. Det er mykje å velje mellom.
MYKJE Å VELJE MELLOM: Treskjering er ein populær aktivitet. Germain Schmid arbeider konsentrert.
Foto: Tore Ellingseter / NRKStille konsentrasjon
Ute på plassen står seks personar og skyt med pil og boge. Når vi går inn i stova på den tidlegare misjonsleirstaden er det ganske så stille. Folk arbeider konsentrert med forskjellige ting.
Merete Sæther har sykla frå Oslo til Øksendal. Sunnmørskvinna bur i hovudstaden, men her på Nordmøre finn ho fred og ro. No står ho og lagar ein primstav.
– Eg skal akkurat til med utskjering av symbola. Dette er ein utruleg fin ferie, seier ho.
– Eg har lyst til å lære nye ting, og situasjonen med korona og noregsferie gjorde dette veldig aktuelt.
UTANDØRSARBEID: Eir Husby (t.v.) og Hjørdis Maria Longva driv med pilfletting. Drude Isene er instruktør.
Foto: Tore Ellingseter / NRKDet går mot ettermiddag og kveld på Underleiren. Mykje høglydt latter kan høyrast rundt eit bord. Snart skal dei ut og padle kajakk.
– Her får vi vener for livet, seier ein av dei femti deltakarane.
Overvekt av kontorfolk
Ifølge Statistisk sentralbyrå drar 90 prosent av alle nordmenn på ferie i løpet av eit år. Men det er svært få vaksne som brukar sommarferien til å dra på leirskule.
Forsking frå Skottland viser at middelaldrande arbeidstakarar er meir stillesittande enn pensjonistar. Folk i femtiårsalderen sit stille 7,8 timar kvar dag.
Men på Underleiren i Øksendal får folk verkeleg høve til å aktivisere seg. Ifølge Eir Husby er det ikkje nokon spesiell filosofi eller felles tankegang som ligg bak Underleiren.
– Nei, ikkje anna enn at du får vere deg sjølv. Det er nok ei overvekt av kontorfolk her, så på Underleiren legg vi vekk mobilane og er glade for at vi slepp å skrive e-postar og rapportar.
GREI OVERNATTING: – Soving i hengekøye er ganske OK, seier Kamilla Paulsen. Ho har tatt turen frå Trondheim til Øksendal.
Les også: – Har blitt sterkare av å bu i naturen