Nordøyvegen er kostnadsrekna til 2,66 milliardar kroner. Vegen skal knyte saman og gje fastlandssamband til øyane i Haram og Harøya i Sandøy. Prosjektet har i lang tid vore på førsteplass på prioriteringslistene i Møre og Romsdal. No skal prosjektet vidare til kvalitetssikring og endeleg vedtak i Stortinget.
Kutta i prosjektet
I veka før fylkestinget, blei det lagt fram eit kostnadsoverslag med så høge tal at vegen neppe ville ha blitt realisert. I prosessen fram mot fylkestinget vart det gjennomført endringar for finansieringsplanen, og deler av prosjektet vart barbert.
På kuttlista står ei rekkje trafikktryggingstiltak, som for eksempel gang- og sykkelvegar.
– Det er ikkje til å legge skjul på at dette er ei vanskeleg sak. Men prosjektet er så viktig å få gjennomført at vi såg oss nøydde til å gå på ei kuttliste, seier leiar i trafikktryggingsutvalet, Iver Nordseth (V).
- Les også:
- Les også:
– Låge anbod kan gje rom for tiltak
Iver Nordseth presiserer derimot at løpet ikkje er køyrt for å få inn trafikktryggingstiltaka i prosjektet frå første dag. Mykje kjem an på kva for kostnader som blir skissert i anboda.
– Dersom anboda tilseier at det er mogleg å ta trafikktryggingstiltaka inn igjen, så skal vi gjere det, i ei viss rekkjefølgje, seier Nordseth.
- Les også:
– Berre fine ord?
Under behandlinga i fylkestinget var det SV som markerte seg sterkast for å få innarbeida trafikktryggingstiltak i vedtaket. Partiet leverte eit tilleggsforslag som berre fekk stemmene frå SV.
Forslaget frå Opedal fekk skarpe kommentarar, frå blant andre Torleiv Rogne (Sunnmørslista). Han var redd for at det blei innarbeidd for store kostnader i prosjektet.
– Lat oss ikkje gjere det slik at vegen blir stoppa så snart vi let att døra i dag, sa Rogne i fylkestinget, i ein replikk til Ingrid Opedal.
– Anbodsrunden kan gje rom
No set fleire politikarar sin lit til at byggjekostnadene skal bli lågare enn venta. Det er stor konkurranse i europeisk anleggsverksemd. I samband med bygginga av Tresfjordbrua i Møre og Romsdal, er det eit tysk entreprenørselskap som har det lågaste anbodet.
– Det smerta mest å måtte ta ut gang- og sykkelvegane. Men vi har erfaring frå andre anbodsprosjekt. Det er internasjonale anbod og det er økonomisk krise i Europa. Vi har tru på at anbodsrunden skal gje oss eit visst handlingsrom, seier Nordseth.
– Kunne ha råka fleire prosjekt
Nordøyvegen er eit så stort prosjekt, at det blir ein dominerande del i fylkesbudsjettet i lang tid framover. Nordseth legg vekt på at svært høge kostnader kunne ha gripe inn i dei fylkeskommunale budsjetta på ein utilsikta måte. I så fall kunne det ha gått ut over trafikktryggingstiltak fleire stader i fylket.
– Vi har også vore usikre på korleis utbygginga av Nordøyvegen vil påverke investeringsbudsjettet til fylkeskommunen framover. I så fall ville dette gå ut over andre trafikktryggingstiltak rundt omkring i fylket. Då hadde vi blitt forplikta til å sjå heilskapen. Og det er hovudgrunnen til at vi har gjort det på denne måten, seier Iver Nordseth til NRK.