Hopp til innhold

Dugnadsånd gav julelys i svingen

På Åheim hadde dei tenkt å skrote juletresvingen i år, men protestar frå bygdefolket sette lys på fleire tre enn det nokon gong har vore.

Julelys og juletre på Åheim

JULETRESVINGEN: Vegen ned til bygda Åheim blir kalla juletresvingen.

Foto: Renate Hatlegjerde

Ein krapp og svingete veg tar deg ned til bygda Åheim i Vanylven kommune på Sunnmøre. Den har fått namnet juletresvingen no i høgtida.

Langs vegen lyser det nemleg frå trea i skogen.

Ordførar Lena Landsverk Sande trur alle dei som skal ta turen heim til jul vil få seg ei veldig fin overrasking når dei kjem.

– Når folk kjem heim etter å ha vore lenge vekke, så trur eg dei kjem dei i god julestemning med ein gong.

Hadde lagt vekk planane om ein juletreskog

Det var Knut Ingvald Bøstrand som åra før hadde pynta eitt og anna tre i svingen ned til Åheim. Vinden hadde tatt med seg dei fleste lyslenkene, så i år hadde ikkje Bøstrand planar om å sette opp lysa. Men då reagerte sambygdingane.

– Dei lurte på kor lysa vart av. Så då måtte eg berre sette opp den eine lyslenka eg hadde att, seier han.

Eitt lysande tre var ikkje nok. Bøstrand etterlyste lyslenker på Facebook, og no er det eit dusin juletre som står å lyser.

– Eg hadde håpa på å få opp 24 lyslenker, men det trur eg ikkje vi klarer, fordi butikkane er heilt utseld, seier Bøstrand.

Det er også oppretta ein spleis til innkjøp av julelenker. Der har dei førebels fått inn 14 000 kroner.

Kraftverk sponsar straum

Det lokale kraftverket, Birkedal Kraftverk, sponsar straumen. For det er det nemleg Bøstrand og søskenbarnet hans som eig halvparten kvar.

– Det var ikkje så vanskeleg å få til ein avtale der nei, seier Bøstrand lattermildt.

Dei får straum frå inntaksdammen ved kraftverket, vidare frå der er det ein kabel av skøyteleidningar.

– Vi har også fått ekstra skøyteleidning frå det lokale oppdrettsanlegget her.

Han har merka på sosiale medium at lysa har vore veldig populære å ta bilde av. Neste år satsar han på endå fleire lys.

– Gir deg julestemning

Ordføraren roser dei lokale eldsjelene som tek tak og gjer bygda fin til jul.

– Farga juletrelys er noko av det verste eg ser, men når eg kom opp i svingen og såg alle trea med mange forskjellige fargar, så syns eg det var heilt nydeleg, seier Lena Landsverk Sande.

Ho trur lyssettinga bidreg til å skape ein fellesskapsfølelse i bygda.

– Du skapar eit samhald i bygda når du får til noko som vi kan vere stolte av saman. Det er mange som har teke bilde og delt dette på sosiale medium. Det viser at folk er stolte av bygda si.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL