Svikt i annonseinntektene er hovudårsaka til at lokalavisa Øy-Blikk har hatt underskot over fleire år. No er det ikkje meir eigenkapital att og avisa kan bli nedlagt.
Må auke inntektene
Øy-Blikk skriv sjølv i torsdagsavisa si at det einaste som vil berge den økonomiske situasjonen til avisa er å auke eigenkapitalen og å auke inntektene. Styret har kutta kostnadar for avisa gjennom fleire år.
Styreleiar Anne-Lise Roald seier til
at det skal vere generalforsamling fredag, der framtida til avisa skal bli diskutert.– Klarer vi ikkje å auke inntektene til avisa og få inn ny kapital, har vi inga anna moglegheit enn å foreslå at selskapet blir oppløyst.