NRK Meny

Overvaking av fire fjell

I løpet av våren blir det sett i gang periodisk overvaking av til saman fire fjell i Møre og Romsdal for å sjekke ut rørsler i fjella. Det gjeld Opstadhornet i Midsund, Middagstinden i Innfjorden, Børa i Romsdal og Kvitfjellgjølet på Rødven-halvøya i Rauma. NGI og NVE skal stå for målingane. Den mellombelse overvakinga av dei fire fjella, kan bli permanent dersom målingane viser at det er nødvendig, seier Eldar Gjærde, leiar for seksjon fjellskred ved NVE på Stranda.

Opstadhornet i Midsund sett fra Sør-Heggdal
Foto: Gunnar Sandvik/NRK