Hopp til innhold

Overraska over Sp-vedtak

Harald Nesvik (Frp) ristar på hovudet over Sp-landsmøtet sitt vedtak i Loen om å arbeide aktivt for å melde Noreg ut av Schengen.

Harald Nesvik (Frp)

Stortingsrepresentant Harald Nesvik (Frp) er forundra over Senterpartiet sitt Schengen-vedtak på landsmøtet.

Foto: Janne-Marit Myklebust / NRK

– Eit Noreg utanfor Schengen vil skape store problem for næringslivet og dei norske borgarane, seier stortingsrepresentanten frå Framstegspartiet til NRK Møre og Romsdal.

– Dette betyr passkontroll berre du skal ta danskebåten. For næringslivet vil det bety ventetid og forseinkingar, seier Nesvik.

Overraskande vedtak

Frp-veteranen frå Ålesund er svært overraska over vedtaket på Sp-landsmøtet:

– Dette går jo imot partileiinga sitt syn. Det verkar som om Senterpartiet har blitt bondefanga på sitt eige landsmøte. Dei har fatta eit vedtak dei ikkje ser konsekvensane av, seier Nesvik.

– Blir eit isolert land

Det er klart at det er ein del ting som ikkje er bra med Schengen-samarbeidet. Men å melde seg ut er heilt feil. Dette viser at Senterpartiet vil ha Noreg som eit isolert land i verda, seier Harald Tom Nesvik til NRK.

LES: Klinge vant Schengen-kamp

Ikkje til hinder

Stortingsrepresentant Jenny Klinge (Sp) seier passkontroll ikkje vil hindre arbeidsinnvandringa.

– Denne vert regulert gjennom EØS-avtalen. Passkontroll skal kun vere eit middel for politiet til å luke ut kriminelle som ikkje kjem til landet for å jobbe eller vere turistar, seier Klinge.

Ho fortel at det er mange kriminelle som flyttar seg over landegrensene. I Norden opererer det om lag 2.000 krminelle frå baltiske land.

– Difor er det ein stor fordel å få inn ei ordning som kan luke ut desse. Berre sjå på Storbritannia - dei er ikkje medlem av Schengen, men har god tilgang på arbeidsinnvandrarar.