Hopp til innhold

Overnatta i butikken i frykt for nytt innbrot

Etter to innbrot fekk meldinga om ein mistenkjeleg bil innehavaren til å ta saka i eigne hender. Med kniv på nattbordet, og ein kollega ved sida si, la ho seg like godt i ei stor utstillingsseng i butikken.

Arnhild Susanne Wollen t.v. og Lill Cathrin Gamlem

Arnhild Susanne Wollen t.v. og Lill Cathrin Gamlem la seg like godt til i butikken for å passe på at det ikkje kom innbrotstjuvar.

Foto: privat

Lill Cathrin Gamlem (38) i Stranda har allereie opplevd innbrot i butikken sin to gongar. Begge gongane reiste tjuvane med parfyme og merkekle, og ingen blei tekne. Det makta ho ikkje tanken på ein gong til.

Eg orkar berre ikkje eit innbrot til, det skaper så mykje styr, seier Gamlem.

Bestemte seg for å overnatte

Arnhild Susanne Wollen t.v. og Lill Cathrin Gamlem

Arnhild Susanne Wollen t.v. og Lill Cathrin Gamlem fekk ei natt med nokså uroleg søvn, då dei skulle passe butikken for innbrotstjuvar. Men ingen braut seg inn.

Foto: privat

Så då ho sist helg fekk beskjed om at det var observert ein mistenkjeleg bil utanfor butikken, diskuterte ho med Arnhild Susanne Wollen (44), som arbeider på butikken, kva dei skulle gjere.

Arnhild foreslo at vi skulle stikke ned og ta ein kaffi og passe litt på ei stund, men så slo vi like godt til og bestemte oss for å overnatte, ler Gamlem, og roser Wollen, som var villig til å gjere så mykje for arbeidsplassen sin.

Dermed la dei seg til i beste Kardemommeby-stil og venta på tjuvane.

– Eg var litt redd, vedgår Wollen, men seier ho gjorde det likevel, fordi ho veit kva det vil seie å prøve å drive noko sjølv på ein liten stad som Stranda.

Sov i utstillingsseng

Lill Cathrin Gamlem driv kle- og interiørbutikk, og ein liten kafe, i Stranda sentrum. Som del av utstillinga står ei stor seng midt i lokala, oppreidd med eksklusive puter, dyner og pledd, og her søkte dei to tilflukt.

– Vi tok på oss pysj, kravla opp i senga og søv ganske bra, seier ho. For å unngå å bli oppdaga av eventuelle tjuvar skrudde dei av lyset og la seg til å sove.

– Vi ville jo ikkje skremme dei vekk med lys, vi ville jo ta dei, seier ho, men legg til at dei ikkje var like høge i hatten heile tida, og at dei hadde klar beskjed om å ringe både politi, ektefelle og folk som jobba nattevakt like ved butikken i Stranda sentrum.

Vil gjere det igjen

Butikkinnehavaren seier ho er parat til å overnatte i butikken igjen, om ho meiner det er nødvendig. Denne gongen kom det ingen, men frå tid til anna får dei meldingar om mistenkjelege personar eller bilar i området.

Men trur du de hadde klart å ta nokon, om dei braut seg inn i butikken?

Eg veit ikkje, vi låg med kvar vår kniv på nattbordet, men hadde klar avtale med politiet om å ringe 112, seier Gamlem.