Hopp til innhold

– Det er betre å kome trygt fram enn å ikkje kome fram i det heile

Det har blitt delt ut over 100 fartsbøter i fylket denne månaden. No åtvarar Vegvesenet mot for stort overmot i trafikken.

Jakta på fartssyndarane blir intensivert denne sommaren 
Sidan fyrste juni har over 100 bøter blitt utdelt for høg fart i Møre og Romsdal. Slapp av det er ferie, ta deg god tid oppfordrer Vegvesenet.

Bilistar har overmot når vegane er tørre, meiner trafiklærar og Vegvesenet.

– Det er vel fordi dei føler dei kan køyre fort, at dei beherskar vegforholda betre når det er tørre og fine vegbaner, kommenterer Jan Erik Myhr.

Jan Erik Myhr

Jan Erik Myhr i Statens vegvesen ber folk om å ta omsyn i sommartrafikken.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Han jobbar i trafikkavdelinga i Statens vegvesen og prøver å forklare kvifor juni har vore ein månad med tjukt av fartsbøter.

– Er det tryggare med tørr vegbane?, undrar NRK sin reporter.

– Det kan det vere, men samstundes får vi utfordringa med høgare fart som kan forårsake alvorlege ulukker, seier Myhr.

Dette er bakgrunnen for at Vegvesenet no går ut og oppfordrar bilistar om å halde fartsgrensene og om å tilpasse farta til forholda.

Ann Eva Sollie

Ann Eva Sollie meiner problemet med høg fart er aldersuavhengig.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Stygge forbikøyringar

Ann Eva Sollie har lært mang ein ung sjåfør om både reglar og kutyme i trafikken. Ho jobbar i Molde Autoriserte Trafikkskole og meiner høg fart om sommaren er eit aldersuavhengig problem.

– Det er ikkje berre dei unge om de trur det. Det er også folk frå 40 år og oppover. Dei har mange stygge forbikøyringar, meiner Sollie.

– Eg trur dei ikkje tenkjer tryggleik, men framkjømd, legg ho til.

– Pass på

På køyrebana i Molde får dei lærekøyrande teste både tørr og svært glatt køyrebane. Elev Oda Frostad meiner bilistane må passe på.

– Det er viktig at du får oversikt og ser til alle kantar, så du passar på trafikantane – både dei som går og syklar, seier ho.

Myhr i Vegvesenet ønskjer at dei køyrande tek omsyn.

– Og heller brukar litt lenger tid på å kome seg frå A til B. Det er mykje betre å kome trygt fram enn å ikkje kome fram i det heile tatt, seier han.

Oda Frostad

Oda Frostad er trafikkskuleelev og håper bilistane vil passe på framover.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK