Overlege slår alarm om journalslurv hos vikarlegar

Fylkeslegen fryktar fatale konsekvensar av at vikarlegar slurvar med journalføring. Ein overlege i Kristiansund slår alarm om legar som leverer ufullstendige journalnotat, og så reiser.

Illustrasjonsbilde sykehuskorridor

I brevet til fylkeslegen karakteriserer overlegen karakteriserer praksisen som 'farlige snarveier' som går utover pasientryggleiken (illustrasjonsfoto).

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix
Synnøve Hole
Journalist

Seksjonsoverlegen fryktar for tryggleiken til pasientane fordi vikarane ikkje tek seg bryet med å skrive ut notatane sine sjølve, men overlet det til andre. No grip fylkeslegen inn i saka.

Cato Innerdal

Fungerande fylkeslege Cato Innerdal ber helseforetaket få på plass nye rutinar omgåande.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Det er av avgjerande betydning at journalen er god og oppdatert, seier fungerande fylkeslege Cato Innerdal til NRK.

Han viser til at legar kan få andre til å føre journalar for seg, men at vedkomande likevel framleis har hovedansvaret, og må sørge for å kontrollere journalen dersom han meiner dette er nødvendig.

"Åpenbart feilaktige og ufullstendige"

Overlegen i Kristiansund, som har varsla fylkeslegen om saka, vil ikkje la seg intervjue av NRK, men skildrar ein poliklinikk der ein stor del av pasientane blir behandla av innleigde vikarar året rundt. Dei fleste av desse legg inn eit opplest diktat etter konsultasjonen, og overlet til andre å skrive ut notata og føre dei inn i journalen.

Brev frå overlegen til fylkeslegen

I brevet frå overlegen til fylkeslegen kjem det fram at ein del av notatane openbart er feilaktige og ufullstendige.

Foto: Synnøve Hole

"En del av notatene som oversendes for signatur er åpenbart feilaktige og ufullstendige og leger som ikke har vært delaktig i konsultasjonen har ingen forutsetninger for rette opp disse", skriv overlegen i eit brev til fylkeslegen.

"Farlige snarveier"

Overlegen karakteriserer praksisen som "farlige snarveier" som går utover pasientryggleiken, og viser spesielt til at majoriteten av pasientane på poliklinikken har kreftdiagnosar. Han meiner også sjukehuset vil kunne få problem dersom nokon klagar eller melder sakene til politiet.

Går gjennom rutinane

Astrid Eidsvik - Helse Møre og Romsdal

Direktør Astrid Eidsvik seier ho forstår om pasientane blir urolege over praksisen. No vil dei sjå på rutinane omgåande.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Direktør Astrid Eidsvik i Helse Møre og Romsdal seier problemstillinga er ukjent for henne, men seier dei no vil gå gjennom rutinane. Ho forstår at pasientar blir uroa over praksisen.

– Det kan eg godt forstå. Men eg håper at dette ikkje har skapt uheldige hendingar og forseinkingar i behandlingar, seier Eidsvik.

Fånyttes forsøk på å endre rutinane

I brevet til fylkeslegen skildrar overlegen fleire mislykka forsøk på å få vikarlegane til å fullføre notatane sjølve, før dei reiser frå sjukehuset: "Har anmodet vikarane å ferdigstille og signere egne notat før de forlater sykehuset, men dette har vært vanskelig å få til. Ettersom skrivetjenesten ikke kan stille med tilstrekkelig personell i vikarperiodene har jeg foreslått at vikarene skriver notatene sjøl, men uten hell".

– Det er ikkje greit, difor har vi nødt til å gå gjennom rutinane våre og sikre oss at dette blir gjort før dei avsluttar tida hos oss, seier Eidsvik.

Frist til 1. oktober

Fylkeslegen meiner det hastar med å få på plass rutinar, og har sett frist til 1. oktober med å melde tilbake.

– Vi har sett resultatet i enkelte tilsynssaker der manglende bruk av det som er dokumentert og manglande dokumentasjon av viktig informasjon har fått alvorlege og tildels fatale konsekvensar for enkeltpasientar, seier fungerande fylkeslege Cato Innerdal.

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.