Hopp til innhold

Overfylte posar på kjøpesentra

Finanskrise eller ei: Det går mot ein rekordstor julehandel.

Julehandel

Julehandelen går som om ingen ting skulle ha hendt.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Folk lar finanskrise vere finanskrise, og handlar som før.

Jula i fjor slo alle rekordar, men no ventar handelsnæringa ein auke på to prosent. Finanskrisa ser ikkje ut til å verke inn på aktiviteten og omsetninga ved kjøpesentra i det heile tatt.

Video nsps_upload_2008_12_3_20_15_14_2642.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Som ein moderne julenisse er Einar Aabakk på veg frå Molde til Kristiansund med julepakkar. Bilen er full av harde pakkar, med store og små ting som skal hamne under juletrea. Men først skal varene inn i butikkane på det store kjøpesenteret Amfi Futura i Kristiansund.

- Vi har berre auke. Vi har ikkje merka finanskrisa, seier dagleg leiar Marit Rosbach ved veskebutikken Bagorama på Amfi Futura.

Handels- og servicenæringens hovedorganisasjon reknar med ein auke på to prosent i julehandelen på landsplan frå i fjor til i år.

- Det skal mykje til for at det ikkje blir pluss, kanskje ein bra pluss også, seier senterleiar Svein Haga ved Amfi Futura i Kristiansund.

Handel med kort

Mange kort og automatar går varme i julehandelen.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Tvillingane Andreas og Jan Christian Warvik (9) har ønskelista klar:

- Ny mobil, skatebord og pengar. Lego, og kanskje sparkesykkel.

Alle snakkar om nedgangstid og krise, permitteringar og dårleg økonomi.
Men i Kristiansund slår ikkje dette ut på shoppe-lysta:

- Folk handlar uansett, finanskrise eller ikkje. Eg trur ikkje folk tenker over det i julestria, seier Helene Marie Steen, som har barnevogna full av varer. Gutungen er det ikkje plass til.

For handelsbyen Kristiansund har alle piler peikt oppover dei siste åra. Oljen har skapt rikdom og kjøpekraft, og pengar i kassa.

- Alt snakket om finanskrisa går ikkje heilt inn hos folk. Dei finn alltid litt ekstra midlar og kjøper litt ekstra til jul, seier senterleiar Svein Haga.

Enkelte butikkar lar jula sope inn ein tredel av årsomsetninga. Ingen snakkar om krise.

Butikk

Chlaus Warvik handlar som før, sjølv om det er varsla nedgangstider.

Foto: Andreas Sundby / NRK

- Det må vere litt meir pengar blant folk enn ein får inntrykk av. Eller kanskje handlar folk litt meir enn dei toler, seier John Kinn, ein av dei mange kundane som er innom Amfi Futura midt på dagen.

Så spørs det om dei to tvillingane får det dei ønskar seg:

- Det er det berre nissen som veit. Men noko må det bli under treet i år også, seier faren Chlaus Warvik.