Hopp til innhold
Volda
Foto: Terje Reite / NRK

Overfall i Volda

Oppsummert

Ei kvinne blei overfalt i sin eigen heim i Volda natt til søndag 3. desember 2017.

  • Dømd til ni månader fengsel

    Ein mann i 20-åra er dømd til ni månaders fengsel for eit grovt overfall mot ei kvinne i 20-åra i Volda i desember. I dommen frå Søre Sunnmøre tingrett står det at retten er sikker på at dei har dømd rett mann, blant anna på grunn av DNA-spor som blei sikra under etterforskinga. I tillegg til fengselsstraffa må mannen også betale 35.000 kroner i erstatning til kvinna som under rettssaka forklarte at ho frykta for livet då overgrepet skjedde. Det var Sunnmørsposten som først omtalte saka (krev innlogging).

  • Har funne fingeravtrykk

    Mistanken er styrka mot ein mann som er sikta for overfall av ei kvinne i Volda i desember, skriv Sunnmørsposten. Ifølgje avisa har politiet funne mannen sine fingeravtrykk på soveromsdøra til kvinna. Sunnmøre Tingrett har vedteke at mannen kan haldast fengsla fram til hovudforhandling som er varsla 18. mars.

  • Forlenget fengsling

    Mannen som er siktet for å ha overfalt ei kvinne i Volda natt til 3. desember i fjor er i dag blitt varetektsfengslet i fire nye uker. Politiadvokat Magne Kvalvik i Møre og Romsdal politidistrikt sier at etterforskinga nå er i sluttfasen. – Vi har gjennomført en rekke vitneavhør, og ventar nå på analysesvar av spor som kriminalteknikarane har sikret og vi håpar at etterforskinga skal være avsluttet i løpet denne varetekstperioden, sier politiadvokat Kvalvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL