Over 500 har mista autorisasjonen

70 helsepersonell mistar autorisasjonen årleg. Svenskar er overrepresentert.

(Illustrasjonsfoto)
Foto: Wiik, Eirill / SCANPIX

- Det er eit lite, men naudsynt tal, av omsyn til tryggleiken i helsetenesten, seier direktør i Helsetilsynet, Lars E. Hanssen.

Over 520 helsepersonell har ikkje rett til å praktisere etter å ha mista autorisasjonen.

Øverst på statistikken tronar legar og sjukepleiarar.

Les også: Helsedepartementet er ikke bekymret

Ein stor del av dei som ikkje får praktisere det dei er utdanna til lenger har bustad i Sverige, og over ein femdel av dei som misser autorisasjonen kjem frå andre land enn Noreg.

Lars E. Hanssen
Foto: Werner Juvik / Werner Juvik

Rus, åtferd og seksuell utnytting

Men Helsetilsynet vil ikkje sei at utanlandsk helsepersonell gjer fleire feil.

- Det kan ein ikkje seie generelt. Det er jo slik at viss det brenn litt under føtene til helsepersonell, så kan det vere lettare å ønske seg eit vikariat eller ei stilling i eit anna land, seier Hanssen.

Kvart år er det rundt 70 personar som misser retten for alltid, men det uroar ikkje Hanssen.

Hovudvekta av helsepersonellet som misser retten til å praktisere blir tatt for å ha eit rusproblem. Åtferd er årsak nummer to, og ein god del blir tatt for seksuell utnytting av pasientar. Og dei fleste sakene får Helsetilsynet inn som tips.

Viktig med gode system

- Det er av og til slik at vi trur vi får vite om toppen av isfjellet, men i kva grad det skulle vere andre som også burde kome under vår vurdering, det veit vi faktisk ikkje, seier Hanssen.

På landsbasis er rundt 180 legar no fråtekne retten til å praktisere, men leiar i Legeforeininga i Møre og Romsdal, Ottar Grimstad, seier at legar er menneske som alle andre, og at det er klart at også dei kan gjere feil.

- Det er veldig viktig for tillita til helsepersonell at vi har system for å fange opp slike situasjonar, og gjere at dei som ikkje greier å fungere på ein påliteleg måte ikkje lenger skal fungere som helsepersonell, seier Grimstad.

Legar utsette

Han meiner det ikkje er nokon grunn til at folk skal kjenne seg utrygge når dei går til legen. Det er 8 legar i Møre og Romsdal som har mista autorisasjonen, men det meiner han er lite, sett ut i frå at det er over 900 som praktiserer.

Grimstad meiner det er ekstra lett for legane å få eit rusproblem.

- Legar er nok i ein spesielt utsett situasjon, med høg grad av stress, og høg grad av tilgang til vanedannande medikament på eiga hand, seier han.