Hopp til innhold

Meir enn 60 smitta etter festing – no kan det få etterspel for festdeltakarane

Ein video av folk som festar på Toldboden i Ålesund for nesten to veker sidan spreier seg no i sosiale medium. Eit rekordstort smitteutbrot kan førast tilbake til restauranten og politiet vurderer no å ta kontakt med fleire av gjestane.

Video frå Toldboden

SJÅ VIDEO: Videoen skal vise folk som klemmer og dansar på restaurant Toldboden. NRK har sladda videoen.

Leiinga ved Toldboden i Ålesund har vore i hardt ver etter at eit smitteutbrot som ser ut for å ha starta på restauranten helga for to veker sidan. Mange har kritisert dei ansvarlege for brot på smittevernlovgivinga, og politiet etterforskar no saka.

Fredag ettermiddag har ein video som skal vise dansegolvet på Toldboden ein av kveldane, dukka opp hos mange brukarar av ulike sosiale medium. Videoen viser folk som klemmer og dansar, syng og ropar. Ifølgje fleire kjelder NRK har snakka med, skal dette vere opptak frå laurdagskvelden den aktuelle helga.

– Då vi såg kva som skjedde inne, burde vi ha forlate staden, men slik blei det dessverre ikkje, seier ein av festdeltakarane.

– Forstår du at folk reagerer?

– Det forstår vi godt, seier vedkomande, men legg til at det ikkje er kome ei einaste sint melding.

NRK har fått tilsendt videoen frå fleire ulike personar. Ingen veit kven som har gjort opptaket, og fleire reagerer på det dei ser.

Vurderer å ta direkte kontakt

Politiet har også fått videoen tilsendt. Politiinspektør Yngve Skovly har sett den og seier at det truleg er mogleg å identifisere personar på filmen.

Han seier politiet vil vurdere å ta kontakt direkte med dei.

– Det er naturleg å gjere, seier han.

Politiet stenger NRK

Politiinspektør Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt har sett videoen, og seier dei vil vurdere å ta kontakt direkte med identifiserbare personar.

Foto: Tom Ingebrigtsen / NRK-fotograf

– Risikerer dei straffeforfølging?

– Det kan eg ikkje svare på no. For verksemda kan det vere aktuelt med eit straffansvar i slike tilfelle, men for enkeltpersonar er det først og fremst brot på anbefalingar, seier han.

Er du overraska over at dette kan ha skjedd?

– Ja, eigentleg er vi det, i og med at det no går mot slutten av pandemien, så ville eg kanskje tru at folk klarte å halde seg i skinnet den siste, vesle tida, seier han.

Skovly kjenner ikkje til kven som har filma og delt filmen.

– Videoen viser alvorlege brot

Ordføraren i Ålesund er også kjent med videoen, og ho likar dårleg det ho har sett.

Eva Vinje Aurdal

Ordførar Eva Vinje Aurdal slår fast at videoen viser alvorlege brot på smittevernreglane.

Foto: Remi Sagen

– Smittevernreglane burde vere godt kjent for alle og einkvar. Videoen viser alvorlege brot. Det hjelper ikkje å vedta tiltak, når dei ikkje blir følgt, seier ho til NRK.

Kommuneoverlegen har denne veka har handtert eit rekordstort smitteutbrot i Ålesund, og meiner det ikkje er rett å kommentere saka som no er under politietterforsking.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå leiinga ved Toldboden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL