Over 30 må gå

Hotellkjeda Scandic seier opp 1000 tilsette som følge av koronakrisa. I Molde må 19 gå på Scandic Seilet og 15 på Alexandra. Vel tre årsverk forsvinn frå Scandic-hotellet i Kristiansund. Distriktsdirektør Line Vikrem-Rosmæl seier informasjonen går ut i dag, men prosessen blir ikkje sett i gang før i august. Det er førebels ikkje avgjort kven som må gå.

Scandic Seilet Hotel Molde
Foto: Tore Ellingseter / NRK