Hopp til innhold

Hadde over tre i promille

Ein mann i 40-åra er tiltalt for å ha køyrt bil medan han hadde over tre i promille. Mannen vart stoppa i Rauma i september i fjor. Blodprøva som vart teken tre og ein halv time seinare viste at mannen hadde ei promille på 3,08. Han skal heller ikkje ha hatt førarkort.