Over 100 smitta knytt til Toldboden

Ålesund kommune fekk i går kveld melding om sju nye smitta. To av dei har relasjon til utbrotet ved Vard Brattvåg og begge har vore i karantene. Det er no totalt 18 smitta relatert til dette utbrotet, 17 av dei er arbeidarar relatert til verftet. Smitteutbrotet ved Vard Brattvaag har så langt ukjend smittekjelde.

I tillegg er fem personar, som har relasjon til det pågåande utbrot ved Jugendbyen barnehage, smitta. Dette medfører karantene ved ein avdeling ved Tommeliten barnehage, der det har vore ventekarantene. Det er så langt påvist smitte hos seks tilsette og to barn i Jugendbyen barnehage. Det er til saman 13 smitta relatert til dette utbrotet, melder kommunen.

– Alle andre smittetilfelle som vi no arbeider med, har sannsynleg eller sikker tilknyting til massesmitte-hendinga ved Toldboden helga 17.–18. april. Det gjeld òg utbrotet ved Subsea 7, skriv kommunen. Til saman blei over 35 personar smitta denne helga i april. Det totale talet på smitta relatert til Toldboden er no over 100 personar.