NRK Meny
Normal

Det spanske pølsefatet dreg dei tilbake

Dei har blitt brutalt avvist av Alexander Rybak, funne ut at Eric Clapton faktisk er bra og kunne fortelje at 40 prosent av bandet til ei kvar tid har hemoroidar. Og så er Captain Walker levande veteranar av Sommerfesten.

Captain Walker

Denne buketten danna Captain Walker på Sommerfesten 2014. F.v.: Halvor Haugen (32), Fredrik Eilertsen (32), Ole Tom Torjussen (?) og Knut-Erik Giske (32). Dei var éin mann til, Magnus Hængsle, men vedkommande var ikkje til stades då dette vakre, oppstilte bildet skulle knipsast.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Dette har ofte blitt den einaste konsert vår i året. Så det er ganske høgt oppe på prioriteringslista vår, seier Knut-Erik Giske, sitjande i eit gammalt naust.

Som namnet hans tilseier har han røter på øya Giske, som igjen gjer at dei var med på den første utgåva av Sommerfesten på Giske i 2003.

«Spleisefestivalen» som artistane elskar og som konsekvent går i underskot. Festivalen som starta som ein vennefest i fjøra.

– Formatet er tredvedobla no, det er utruleg profesjonelt. Ein blir heilt fjetra, seier Giske.

– Det som er veldig hyggeleg å legge merke til er at profilen, som dei har hatt inn mot artistane, framleis er her. Dei gir artistane all slags godsaker, Sommerfesten er artistane sin festival, meiner bassisten i Captain Walker.

Fredrik Eilertsen

Vokalist Fredrik Eilertsen er tydeleg på at bandet skal spele på Sommerfesten anten arrangøren vil det eller ikkje. – Vi forventar å bli invitert, slår han fast til NRK.

Foto: Remi Sagen / NRK

Bandet elskar at festivalen er lavterskel og dei elskar den varme stemninga.

«Debutalbum underveis»

Artistar og band spelar gratis eller til nedsett pris på Sommerfesten, men får mellom anna studiotid av Ocean Sound Recordings i gjengjeld.

Captain Walker har spelt inn store delar av debutalbumet «Way Back Home» frå 2013 i studioet. Albumet blei påstarta i 2008.

«Et vanvittig bra debutalbum skal visstnok også være underveis. Du burde kjøpe det og i tillegg komme på konserten. Ta gjerne med foreldre dine også. Ifølge bandet selv, pleier nemleg veldig gamle folk å like Captain Walker!», blei det skrive som promo om bandet i 2009.

Fire år seinare kom albumet. Fem år seinare kom releasekonserten og LP-en. Gamle folk likar framleis musikken, seier bandet i juli 2014. Mellom slaga har dei spelt på Sommerfesten på Giske kvart år – utanom dei to føregåande åra.

– Vi prøvde å vere borte herfrå, vi lada i to år. Det var ikkje noko for oss, seier vokalist og gitarist Fredrik Eilertsen.

Saka held fram under bildet.

God stemning

Det viser seg at både unge og gamle likar musikken til Captain Walker. Bandet meiner utsikta gjer at publikum burde vendt auga motsett veg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Eksisterer for første gong

I 2014 er dei tilbake på Sommerfesten, for niande gong.

– Saman med Egil Olsen er vi vel dei med lengst fartstid. Vi har tangert The Margarets (bandet til arrangøren, journ. anm.) sidan dei la opp for nokre år sidan, seier Giske.

Det er derimot kjekkare å spele på festivalen no enn for nokre år sidan. No har jo bandet eige album.

– Det er stort å få komme til Sommerfesten med nye låtar, innspelt materiale og merch, gliser tangentmeister Halvor Haugen (som også jobbar i NRK, journ. anm.)

– I år eksisterer vi eigentleg for første gong. Vi har blitt eit band, legg Giske til.

– Dette er legemleggjeringa av Captain Walker si ånd, held Haugen fram med.

Midtlivskrise

Forskjellen på bandet i 2003 og bandet i 2014 er nemleg stor. «Elektrisk» er eit stikkord.

Captain Walker

Captain Walker starta som ein akustisk bluegrasstrio. Det er ikkje dei lenger ut frå bildebevisa frå Sommerfesten 2014.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi var ein reint akustisk bluegrasstrio då vi starta. Svært unge, svært kritiske til alt som heitte elektrisk musikk. Det har gått over, kunngjer Giske.

– Når du blir vaksen så orkar du ikkje så mange kampar på ting. Eric Clapton er ganske bra faktisk. Før likte vi berre Clapton «unplugged», seier Eilertsen.

Bandet omtalar seg sjølve som «runde i kantane og enkle å ha med å gjere».

– Det var litt omvendt. Då vi var 22 orka vi ikkje støy og elektrisk. No ... bråkemusikk, piggtrådmusikk – alt, seier Haugen.

– Dette er ei framskunda midtlivskrise, meiner Giske.

– Det kan jo vere at de berre døyr unge og at det er ei faktisk midtlivskrise?

– Jau då, nikkar dei annarkjennande.

«Drittnamn» frå Mad Max 3

I dag spelar dei heller glatt countryinspirert poprock med innslag av andre ting. Dei øver om lag éin gong i veka eller når dei har tid, mellom jobbar som blant anna lærar, barista og radioprodusent. Sitt eige bandnamn omtalar dei som tilfeldig.

– Det er like tilfeldig som alle andre drittdårlege bandnamn, seier Giske.

– Kven andre har «drittdårlege bandnamn»?

– Sassybeat kan eg nemne som eit drittdårleg bandnamn, seier Giske, og legg til at det ikkje er meint som ei fornærming – berre som eit eksempel blant mange dårlege.

Bandkarane ville nemleg få med seg Sassybeat – som også spelte på Sommerfesten på Giske dette året. Dei rakk det ikkje, men dei rekker å greie ut om eige bandnamn til NRK.

– Captain Walker er ein karakter frå Mad Max 3. Ein profittert messiasskikkelse som vi kjente oss igjen, fortel Haugen.

– Poenget er jo at bandnamnet ikkje spelar noko rolle. Det er ingen som bryr seg om bandnamn, meiner Giske.

– Bortsett frå om du heiter «Brutal Kuk» då. Tommel opp, dei har skapt seg eit namn, kontrar Haugen.

Kvitløkslukta er sterk for desse

Utanom å gi ut album, nemner dei «då Finn Bjelke opna Herreavdelingen med Captain Walker» som ein karrieretopp.

Sommerfesten på Giske er eit høgdepunkt kvart år, slår dei fast. Dei har aldri sikta mot stjernene, men har ein plan om å returnere til den rare festivalen på Sunnmøre kvart år.

Giske

Denne utsikta meiner mennene i Captain Walker gjer eit publikum unødvendig.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Men kvifor akkurat Sommerfesten?

– Det er jo eit matbord, og eg må nemne det spanske pølsefatet. Chorizo, spansk skinke og andre spanske godsaker. Eg skal oppi artistteltet og ete spansk skinke etterpå, fortel Haugen.

– Du kjenner vel kvitløkslukta i lufta? (ja, journ. anm.) Det er grunnen til at vi er her. Hadde vi fått betalt for å spele her hadde vi uansett brukt det på slik mat, seier Eilertsen.

Dei må òg nemne utsikta som stor grunn til å spele på Giske.

– I år spelte vi på Sjøscena. Når utsikta er så fin, så hadde vi ikkje trengt folk framfor scena, meiner Haugen.

– Vi skal oppfordre folk til å sjå motsett veg neste gong. Det var så nydeleg, legg Eilertsen til.

Saka held fram under bildet.

Alexander Rybak i finalen i Moskva

Alexander Rybak, her under MGP-finalen i Moskva i 2009, var mannen som fekk Captain Walker til å innsjå at Sommerfesten på Giske hadde blitt gigantisk.

Foto: PONTUS LUNDAHL / SCANPIX

Rybak valde CD-plata

Dei påstod først at dei forstod allereie første året av den elska musikkfestivalen at det ville bli stort. Det var nemleg 1000 personar på stranda året etter startåret, mimrar dei.

– Men vi skjøna det hadde blitt stort då Rybak var her. Det var hysteriske tilstandar, folk klatra over gjerde!, fortel Haugen.

Året var 2009, og Captain Walker skulle faktisk vere backingbandet til felespelande Alexander Rybak.

– Vi skulle eigentleg ikkje spele det året, men vi spurte og fekk lov. Men vi måtte vere backingbandet til Rybak, noko vi sjølvsagt sa var greitt. Det blei derimot aldri noko av, seier Eilertsen.

– Han hadde backing på tape. Han prioriterte oss bort til fordel for ein CD! Eit klokt val, legg Haugen til.

Dei kan derimot stolt seie at dei har vore backingbandet til Maria Mena på éin av festivalane på Giske.

Einar Tørnquist

Einar Tørnquist, her under komiprisen 2013 saman med kjærasten Linn Bjørnsen, har blitt A-kjendis i løpet av levetida til bandet Captain Walker.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Saknar A-kjendisen sin

På Sommerfesten 2014 er nesten alle medlemmene der. Torjussen på trommer er derimot med som substitutt for éin som har blitt A-kjendis.

– Eg saknar å han med, for han går framfor som ein spydspiss i det sosiale, fortel Haugen, før han legg til at vedkommande ikkje alltid inkluderer resten av bandet.

Det er Einar Tørnquist dei pratar om. Mannen kjend frå «Storbynatt» (saman med Eilertsen, Hængsle og Maya Vik), samt talkshow-suksessen «Tørnquist Show» på VG.

«Det har gått hardt utover bandet mitt Captain Walker, siden jeg aldri har tid til å øve med dem», svarte Tørnquist då VG lurte på kva han hadde ofra for TV-karrieren.

– Han er sårt sakna, men Ole er ein ekte rocketrommis, slår bandet fast.

Konserten blei ein suksess, og seinare skulle dei få med seg Laleh – sidan svenskane dei møtte backstage var hyggelege. Heilt først skulle dei derimot sige mot deg spanske pølsefatet.

NB! Til ei eventuell faktaboks ville bandet gjerne få med at dei er eit band der minst 40 prosent av medlemmane til ei kvar tid har hemoroidar.