NRK Meny
Normal

Ove Borøchstein skålar for livet

Rett før helga fekk Ove Borøchstein sin siste CD i hendene. Det var ein stor siger for musikaren, poeten og forfattaren frå Kristiansund, som skrev låta «Optimist» for fetteren Jahn Teigen i si tid.

Ove Borøchstein

Ove Borøchstein har fått tjukktarmskreft med spreiing til lunger og lever.

Skål for livet er Ove Borøchsteins andre CD, og det blir også hans siste.

Sjokket

I fjor sommar kom sjokk og sorg til familien Lassen Borøchstein i Kristiansund. Diagnosen tjukktarmskreft med spreiing til lunger og lever kom brått og uventa.

Men mannen som mellom anna har skrive den kjende «Optimist» for fetteren Jahn Teigen, bestemte seg fort for at han ikkje ville bli bitter. I staden sette han i gang med å lage ein ny CD.

Frode Alnæs, Lynni Treekrem, Øyvind Elgenes, Jahn Teigen og Tor Endresen er blant dei mange som har framført songar av Borøchstein. Men han sjølv har berre gitt ut ein CD før, «Midt i tida». Hans andre og siste, «Skål for livet», skal ut i desse dagar. Og før helga fekk han altså halde det ferdige produktet i hendene sine.

– Dette er ei kjempeglede for heile familien. Også for Ove. I alt det triste så har vi denne gleda med at CD-en er ferdig og at han har fått den i hus, seier Bjørg Lassen til NRKs reporter Anne-Mari Flatset.

Ove Borøchstein er for sjuk til å la seg intervjue. Det er familien som må vere stemma hans denne dagen. Men han er ikkje for sjuk til å glede seg. – Eg rakk det, sa han då han fekk «Skål for livet» i hus. Det var ein stor siger.

Saka held fram under bildet

Ove Borøchstein
Foto: Sven Ohrvik

Plateslepp

31. mai kjem CD-en ut til folket. Dei 13 melodiane på «Skål for livet» er skrivne av Ove Borøchstein sjølv, Jahn Teigen, Sven Ohrvik, Veslemøy Solberg og Carmichael. Produksjonen har gitt familien Lassen Borøchstein mykje glede i eit elles tung år.

– Då Ove fekk diagnosen, så bestemte han seg for at han ville lage CD. Dette hadde han ikkje gjort om han ikkje fekk kreft. Han bestemte seg for at han ikkje skulle bli ein bitter mann, han ville ha glede i livet sitt. Det har denne CD-en gjort, fortel Bjørg Lassen.

Ho gir stor ære til Veslemøy Solberg og Svein Ohrvik. Plata er spelt inn i deira studio i Drammen, men «Skål for livet», tittelmelodien, er spelt inn i heimen i Kristiansund, med berre lokale musikarar, og med vener og familie i koret.

– Det har eigentleg vore ei heilt utruleg flott oppleving. Det at vi har hatt noko å glede oss til i ein veldig trist og alvorleg situasjon. Det har gjort året betre og lettare, sjølv om det har vore mykje trist også, seier Bjørg Lassen.

Rett før helga fekk Ove Borøchstein sin siste CD i hendene. Det var ein stor siger for musikaren, poeten og forfattaren frå Kristiansund.

Reporter Anne-Mari Flatset har intervjua kona til Ove Borøchstein, Bjørg Lassen, og sønene Joachim Lassen Borøchstein og Morten Røsand Borøchstein.