Ottar Grepstad utnemnt til Ridder

Kongen har utnemnt direktør Ottar Grepstad til Ridder av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for innsatsen han har gjort for å fremje nynorsk språk, litteratur og skriftkultur. Dekorasjonen blir overrekt ved eit arrangement på Ivar Aasen-tunet i Volda onsdag 6. juni 2018. – Dette er litt pinleg og mest stas seier Grepstad.

Ottar Grepstad
Foto: Thomas Winje Øijord / NTB scanpix