NRK Meny

Osvold til Hødd

Hødd har teikna kontrakt med Joachim Osvold (biletet), tidlegare Lillestrøm og Bodø/Glimt-spelar, som denne hausten har spelt for Levanger FK. Vidare har Preben Sætre forlenga kontrakten 2018-sesongen. Hødd mistar Bendik Torset som flyttar til Bergen. Torset har vore i klubben sidan 2008.

Joachim Osvold
Foto: Bjarne Brandal / NRK