Hopp til innhold

Oslo-rock og R&B-pop til Jugendfest

Dei to første norske delane til Jugendfest blei sleppt i dag. Det er to Oslo-innslag, der eitt er i den harde sjangeren og den andre i mjukare baner.

Oslo Ess

Oslo Ess har turnert mykje det siste året. Dei er kjent som eit svært godt liveband.

Foto: Paal Audestad

Det er rockepunkarane i Oslo Ess og nye og spennande Truls som kjem til Ålesund.

– Truls er éin av dei mest spennande nye, norske artistane. Låta «Out of Yourself» er blant dei beste låtane som har kome frå norske artistar i år, seier Ante Giskeødegård.

Truls

Truls Heggero har vore vokalist i indiebandet Lukestar i mange år. No er han soloartist og svært festivalaktuell.

Foto: Jørgen Gomnæs

Den daglege leiaren, og bookingsjefen, i Momentium, meiner den tidlegare Lukestar-vokalisten vil trollbinde publikum.

– Eg såg han live på by:Larm i vinter og det var fantastisk bra. Med delar av bandet til Karpe Diem, Something Sally, i ryggen var det ei stor oppleving.

– Truls har internasjonalt potensial, meiner Giskeødegård.

Trøkk-garanti

Medan Truls, eller Truls Heggero som han eigentleg heiter, går inn i popsjangeren, inspirert av R & B, hiphop og elektronika, er Oslo Ess ein heilt annan stad.

– Oslo Ess er kanskje det bandet som har gjort flest spelejobbar i Noreg det siste året. Dei har blitt eitt av dei beste rockebanda live.

Giskeødegård fortel at Oslo Ess spelar fredag 16. august, medan Truls spelar laurdag 17. august. Oslo Ess meiner Momentium-sjefen er ein stemningsvinnar.

– Det blir garantert trøkk og stemning når bandet står på scena under Jugendfest, avsluttar Giskeødegård.

I morgon, klokka 12.00, kjem det to nye norske artistar. Då i meir etablerte baner, seier bookingsjefen.

Frå før er 50 Cent, Rival Sons og Steve Angello klare for Jugendfest.

Les:

Lars Berg Giskeødegård og Ante Giskeødegård

Lars Berg Giskeødegård og Ante Giskeødegård gler seg til ein ny Jugendfest på Color Line Stadion.

Foto: Momentium