Hopp til innhold

Oslo Ess og Kvelertak til RaumaRock

Rockarane i Oslo Ess og hardpønk-bandet Kvelertak er dei siste tilskota til sommarens musikkfestival i Åndalsnes.

Oslo Ess

Karane i Oslo Ess gjer suksess med sitt tredje album. No kjem dei til RaumaRock - igjen.

Foto: Pressefoto

Begge banda har spelt på RaumaRock før. Forskjellen er at både Oslo Ess og Kvelertak i år vil stå øvst på plakaten.

Oslo Ess var nokså ukjende då dei sist spelte på festivalen i 2011. Slik vil det ikkje vere når dei står på scenen i august. Det splitter nye tredjealbumet "Alle Hjerter Deler Seg" gjekk rett inn på førsteplass på VG-lista og har hausta gode kritikkar.

Høyr Oslo Ess-låten "Under Radaren":

Kvelertak

Stavangerbandet Kvelertak opplever suksess

Stavangerbandet Kvelertak kjem til Åndalsnes i august. Sist var i 2011.

Foto: NRK/Urørt

Også Kvelertak tok turen til Rauma før dei slo igjennom. No kan dei skilte med internasjonal suksess. Sjølv med låttitlar som "Mjød"og "Evig vandrar" har dei fått tilhengarane langt utfor norske landegrenser.

Tidlegare er Nico & Vinz, Lissie, Dance with a Stranger og TNT bekrefta til festivalen.

Sjå musikkvideoen til Kvelertak-låten "Evig Vandrar":