Orten: – Eg er bekymra

Stortingspolitikar Helge Orten (Høgre) gjesta ettermiddagssendinga til NRK Møre og Romsdal i dag for å snakke om den skrale økonomien i Helse Møre og Romsdal. Han seier det er opp til styret i helseføretaket å vurdere tiltak for å få økonomien på rett kjøl. – Men eg må innrømme at eg blir litt bekymra når eg ser forslaga som blir lagt på bordet. Alle handlar om tilboda til pasientane. Eg meiner ein bør sjå på heile organisasjonen, også det administrative, seier Orten.

Helge Orten
Foto: Trond Vestre / NRK