Den polske kvinna forsvann nemleg sannsynlegvis frå ein parkeringsplass like ved eit svært populært turområde. Politiet reknar med at Maja Herner gjekk frå turvegen og vidare mot det 1303 høge Saudehornet, men ho er så langt ikkje funnen.
– Det er trist og leitt. Vi merkar det spesielt på turaktiviteten i området. Den er truleg meir enn halvert. Folk er bekymra for å gå der, spesielt åleine, seier Ørsta-ordførar Stein Aam.
Hundrevis har dagleg brukt å gå turen som ifølgje ut.no går på ein brei veg frå 140 meter til 410 meter over havet. Det er også lys i løypa heilt til klokka 23.00 om kveldane.
– Sannsynlegvis omkomen
Det var 21. november i fjor at 25 år gamle Maja Herner vart meldt sakna i Ørsta, berre ei og ei halv veke etter at ho flytta til bygda. Den siste sikre observasjonen av ho vart gjort på ein daglegvarebutikk klokka 12.35. Litt seinare skal ho ha sendt melding til fleire kjenningar om at ho gjekk seg ein tur «up to the mountains».
Indikasjonar via basestasjonar viser at mobiltelefonen hennar har vore oppe i høgda, men ikkje kor høgt.
Uansett gav ikkje ein storstilt leiteaksjon resultat, og sidan 25. november har status i saka vore at Maja Herner sannsynlegvis er omkomen. Heller ikkje mindre leiteaksjonar gjennom vinteren har gitt resultat.
– Folk er redde
Leiar i Ørsta IL, Øyvind Andersen, bekreftar at turaktiviteten i området har gått ned etter forsvinninga, utan at han klarer å talfeste nedgangen.
– Situasjonen er uavklara. Derfor er folk redde for å gå der. Eg trur ikkje folk er redde for å gå seg på eit lik, men det går så mange rykte om kva som har skjedd og folk er redde av den grunn, seier Andersen.
Han trur også at turmønsteret har endra seg.
– Folk går oftare fleire i lag enn åleine, slik dei gjorde før, seier Andersen.
Som synest det er svært dumt at Maja Herner ikkje er funnen.
– Dessutan er det veldig rart. Det var jo gode søkeforhold etter at ho vart meldt sakna, fortel idrettslagsleiaren.
– Ei klam hand
Politiet melder at status på Maja Herner-saka er uendra. Dei jobbar framleis breitt, men meiner framleis det er mest sannsynleg at den polske kvinna er i fjellet.
– Vi har ikkje haldepunkt for at det har skjedd noko kriminelt, seier etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad.
Ordførar Stein Aam trur folk i Ørsta vil vere usikre heilt til dei får svar på kva som har skjedd med Maja Herner.
– Saka ligg som ei klam hand over Ørsta, seier Aam.
Mysteriet Maja Herner
- 21. november etter kl. 13.00Sender meldingar
Maja Herner sender meldingar til fleire kjenningar om at ho har tenkt seg ein tur «up to the mountains».
- 21. november 2018 ca. kl. 12.35På butikken
Maja Herner blir observert på ein daglegvarebutikk i Ørsta. Ho kjøper vanlege varer som ho sannsynlegvis tek med seg til bustaden sin i Ørsta.
- 21. november ca. kl. 14.30Starta turen
Maja Herner skal ha starta på turen sin. Ho parkerer bilen sin ved ein populær turveg i Vikegeila i Ørsta. Frå denne vegen kan ein kome seg til det 1303 meter høge Saudehornet.
- 21. november kl. 18.30Leiteaksjon
Det blir sett i gang ein leiteaksjon etter Maja Herner. Røde Kors og ein luftambulanse deltek.
- 21. november kl. 21.30Utvidar leiteaksjonen
Leiteaksjonen blir utvida, mellom anna med redningshelikopter frå Florø.
- 22. novemberLeitinga held fram
Mange frivillige har meldt seg og deltek i søket. Politiet opplyser kl. 13.30 at dei ikkje har nokon spor og at dei gjerne vil ha tips i saka.
- 23. novemberEndå fleire deltek
Også elevar frå folkehøgskulen i bygda deltek no i søket, saman med fleire hundre andre frivillige. Det blir mellom anna leita i hagar i Ørsta ikkje langt frå der Maja Herner skal ha starta turen sin.
- 24. november, om ettermiddagenSperra av området
Politiet sperra av eit området der det skal ha blitt funne interessante gjenstandar. Men politiet seier at funna ikkje treng om å ha noko med den sakna kvinna å gjere.
- 25. november ca. kl. 14.00Tek bilete frå helikopter
Eit politihelikopter frå Oslo bidreg med å ta foto av fjellområdet.
- 25. november, ca. 17.30Avsluttar aksjonen
Politiet melder at redningsaksjonen er avslutta. Dei trur ikkje lenger det er håp om å finne Maja Herner i live.
- 26. novemberGår gjennom bileta
Politiet opplyser at det er tatt om lag 2800 bilete frå fjellområdet som dei skal gå gjennom.
- 28. novemberLeitar igjen
Politiet opplyser at leitinga i fjellområdet held fram. Mellom anna bidreg hundar i søka.
- 29. novemberDrone
Det blir sett i gang søk med drone. Om ettermiddagen opplyser politiet at dronesøka ikkje gav resultat.
- 3. desemberOpen for alle teoriar
Politiadvokat og etterforskingsleiar Inger Myklebust Ferstad seier til NRK at dei må halde alle teoriar opne, sjølv om dei ikkje har haldepunkt for at det har skjedd noko straffbart. Same dag kjem det fram at vennar av Maja Herner har starta ein innsamlingsaksjon for å sende polske privatetterforskarar til Ørsta.
- 5. desemberRykte og spekulasjonar
Ørsta-ordførar Stein Aam stadfestar at det går mange rykte i bygda om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. – Saka heng tungt over oss i bygda og over meg som ordførar, seier Aam til NRK.
- 6. desemberUsikkert kor høgt i fjellet
Inger Myklebust Ferstad opplyser til NRK at dei ikkje kan seie nøyaktig kor høgt i fjellet Maja Herner kan ha vore. – Dette er ikkje eksakt vitskap. Indikasjonane via basestasjonane viser at telefonen har vore oppe i høgda, men vi veit ikkje kor mange høgdemeter det er snakk om, seier politiadvokat Inger Myklebust Ferstad.
- 12. desemberVeret hindrar nye søk
Politiet ønskjer å gjere nye søk i fjellområdet, men dårleg ver hindrar nye søk. Det er kaldt i Ørsta og mykje snø i fjellet.
- 28. desemberPolsk detektivbyrå
NRK skriv at eit polsk detektivbyrå har lansert andre teoriar om kva som kan ha skjedd med Maja Herner. Detektivbyrået samarbeider ikkje med politiet i Norge.
- Nyttårshelga 2019Nytt søk
Etter tips frå publikum om observasjon av ramn gjer politiet eit nytt søk 300-400 meter over havet. Søket blir utan resultat.
- 8. januarBer om observasjonar
Politiet ber publikum melde inn observasjon av ørn og ramn nær bakken i det aktuelle fjellområdet i Ørsta.
- 10. januarNye søk
To spesialtrena hundreekvipasjar frå Møre og Romsdal politidistrikt gjorde søk i terrenget. Dei gjorde ingen funn av interesse.
- 21. januarRedde for å gå tur
Fleire sentrale personar i Ørsta-samfunnet seier at turgåinga i området der Maja Herner skal ha forsvunne har gått drastisk ned dei to siste månadane. Mange er redde grunna den uavklara situasjonen.
- 18. februarStillstand
Politiet opplyser at det ikkje er gjennomført nye søk i terrenget sidan 10. januar.
- 24. maiHar lagt planen
Politiet melder at dei har blinka ut konkrete stader dei skal leite etter Maja Herner i sommar. – Det er seks til sju stader vi er nøydde til å få undersøkt i løpet av sommaren. Vi er avhengige av hjelp fra alpine redningsgrupper og vi må vente til snøen har forsvunne. Dette er stader som er vanskelege å kome seg til og vi har ikkje vore er tidlegere, seier politiinspektør Yngve Skovly.
- 16. juliVentar framleis
Mykje snø seint på året har gjort at leitingsarbeidet etter Maja Herner framleis står på vent. – Vi ventar på at snøforholda skal bli identiske slik dei var då ho forsvann. Framleis ligg det for mykje snø i fjellet. Men planane for leitearbeidet er klare. Så vi går opp så fort forholda er gode nok, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til NRK.
- 15. augustStarta søk med drone
Politiet starta å søke i fjellet med drone. Det er utfordrane arbeid, og ein er avhengig av godt ver for å få noko ut av bilda.
- 22. septemberNye helikoptersøk
Politiet gjennomførte nye helikoptersøk i området rundt Saudehornet i Ørsta. Samtidig tok dei bilde av område dei ønska å sjå nærare på.
- 26.septemberFår hjelp av Kripos
Politiet i Møre og Romsdal opplyser at dei får hjelp av Kripos. Cold Case-gruppa skal no sjå gjennom alt etterforskingsmaterialet for å sjå om det er fleire etterforskingsskritt som bør bli gjennomført.
- 21. november 2019Sakna i eitt år
Maja Herner har vore sakna i eitt år.
- 22. novemberNytt søk
Røde Kors gjennomfører nye søk etter Maja Herner i Ørsta. Nye tips om mykje ramneaktivitet i eit område, der det har vore leita lite før, gjer at det blir sett i gang nye søk.