NRK Meny
Normal

Ørsta og Volda vil bli eitt

Ei ny undersøking viser at eit stort fleirtal av dei som bur i Ørsta og Volda peikar på kvarandre når dei blir spurt om kven dei vil bli slått saman med.

arild iversen og rune hovde

Volda-ordførar Arild Iversen og ordførar i nabokommunen Ørsta, Rune Hovde, er glade for at innbyggjarane er villige til å kome saman.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det kan for mange vere naturleg å tenkje at Ørsta og Volda bør slåast saman. I ei meiningsmåling utført av Sentio for Sunnmøre regionråd viser det seg at innbyggjarane absolutt kunne tenkje seg å kome nærare kvarandre.

– Dette er gledelege tal for Ørsta og Volda, seier ordføraren i Volda, Arild Iversen (KrF).

Ørsta-ordføraren er einig, og syns dette er ei svært gledeleg melding.

Over nitti prosent vil til Volda

94 prosent av dei som bur i Ørsta svarar Volda når dei blir spurt om kva for kommune det er mest aktuelt å slå seg saman med, enten dette skjer frivillig eller med tvang.

I Volda er det 86 prosent som peikar på Ørsta.

Vil ikkje senke skuldrene heilt enno

Men både Iversen og ordførarkollegaen Rune Hovde (H), er budd på at det kan vere mange skjer i sjøen i det vidare arbeidet med kommunesamanslåing.

– Denne meiningsmålinga gir oss klare tal på at vi ikkje famlar i blinde. Men det er mykje som kan dukke opp framover. Først og fremst vil vi finne ut kva denne samanslåinga vil bety for oss og innbyggjarane våre, seier Hovde.

Hovde meiner ikkje at desse tala gir ei marsjordre om at det er dette som blir løysinga.

– Vi skal også ta med oss dei andre alternativa. Det kan vere alt frå at Ørsta går åleine til ei stor Søre-Sunnmøre-kommune.

«Kjellen» om Ørsta og Volda

Ein som sannsynlegvis ikkje var med i meiningsmålinga er Kjell «Kjellen» Bigset. På besøk hos NRK torsdag ytra han sterke meiningar om korleis det blir viss ein slår saman nabokommunane Ørsta og Volda.

På besøk hos NRK torsdag ytra han sterke meiningar om korleis det blir viss ein slår saman nabokommunane Ørsta og Volda.