Hopp til innhold

Ørsta kommune braut lova- mann på 36 kilo blei funnen død

Kommunen gav ikkje mann tilstrekkeleg helsehjelp, er konklusjonen til Statsforvaltaren. Mannen blei funnen avmagra i huset sitt i Ørsta.

Døra blei forsegla av politiet då dei mann ein død, avmagra mann i Ørsta i 2021. Mannen var broren til Asbjørn Langstøyl

Mannen i Ørsta blei funnen død i desember 2021.

Foto: Politiet

I jula 2021 blei ein 59 år gamal mann funnen død på kjøkkenet sitt i eit byggefelt i Ørsta.

No har statsforvaltaren konkludert med at Ørsta kommune braut kravet til forsvarleg helsetenester.

Mannen var alvorleg avmagra og vog berre 36 kilo då han blei funnen.

Statsforvaltaren meiner at kommunen ikkje gjorde nok for å førebygge dette. Dei skriv at dei finn ingen vurderingar i pasientjournalen om moglege løysingar og individuelle hjelpetiltak spesifikt med tanke på ernæring.

Les også Blei funnen avmagra og død med ein million på konto

Kjøleskapet til avdød mann i Ørsta. Det er heilt tomt, bortsett frå ein mugge i eine hylla. Muggen er også tom

Kritisk til hjelpa han fekk

Familien meinte at dødsfallet kunne ha vore unngått dersom den psykisk sjuke mannen hadde fått betre hjelp.

Han hadde nemleg vore døden nær i 2020 også. Då hadde bankkortet slutte å verke og han fekk ikkje kjøpt seg mat. Etter bekymringsmeldingar frå naboar og familie rykte naudetatane ut. Dei knuste vindauget og tok seg inn i huset.

Der fann dei ein ekstremt undervektig mann. Han vog 37,5 kilo før han blei innlagt på sjukehus. Etter sjukehusopphaldet var han fleire veker på sjukeheim for å legge på seg. Eit helseteam frå kommunen oppsøkte han i heimen ei rekkje gongar i tida etter innlegginga.

I desember 2021 døydde mannen av hjartestans, alvorleg undervektig.

Familien er kritisk til hjelpa han fekk og meiner at helsevesenet burde ha tvangsinnlagt han. Mannen hadde kutta all kontakt med både familie og vener mange år før og isolerte seg.

– Det er ikkje i tvil om at broren min ikkje fekk den hjelpa han trengde. Helsepersonell hadde blitt varsla mange gongar både av naboar og familie, seier Asbjørn Langstøyl.

Han håper at no kommunen lærer av saka.

Innramm familiebilete av dei tre brødrene Langstøyl står på bordet. I bakgrunnen sit Asbjørn Langstøyl.

Asbjørn Langstøyl er kritisk til hjelpa veslebroren hans fekk og meinte at han kunne ha vore i live dersom han blei tvangsinnlagt.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Burde ha strekt seg lengre

No får kommunen kritikk av Statsforvaltaren fordi dei ikkje tok grep etter sjukeheimsopphaldet. Ut frå mannen sin historikk kunne dei forvente at han ville få nye, store helseutfordringar.

Vi meiner kommunen burde strekt seg lengre for å sikre avdøde tilrettelagt helsehjelp i tida etter utskriving frå sjukeheimen, står det i tilsynsrapporten.

Dei konkluderer også med at Helse- og omsorgstenestene i kommunen ikkje har vore tilstrekkeleg merksame på moglege endringar i pasienten sin samtykkekompetanse. I rapporten skriv dei at kommunen manglar ei medviten haldning for å fange opp utviklinga av situasjonen til pasienten der det oppstod fare for livet hans.

Statsforvaltaren understrekar at det er umogleg å vite om tiltak kunne ha avverja dødsfallet.

Ørsta kommune har tidlegare svart at mannen vart vurdert som samtykkekompetent og at dei ikkje kunne tvinge han til hjelp han ikkje ville ha. Han hadde ei klar oppfatning av korleis han ville leve livet sitt og at dei måtte respektere det.

Dokumenterte ikkje bra nok

Stein Aam i Ørsta

Ordførar i Ørsta, Stein Aam, seier at kommunen no vil sette seg grundig inn i tilsynsrapporten.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

Statsforvaltaren har også oppretta tilsynssak mot legen. Konklusjonen der er at ho ikkje braut lova om forsvarleg helsehjelp, men ho har brote kravet om tilstrekkeleg journalføring.

Statsforvaltaren meiner at legen ikkje har dokumentert tilstrekkeleg i pasienten sin journal korleis ho har vurdert samtykkekompetansen til mannen.

Ordførar i Ørsta, Stein Aam (Sp), seier at dei vil bruke tid på å sette seg inn i rapporten og kva som gjekk gale.

– Det er både beklageleg og litt dramatisk sett med kommunen sine auge, seier Aam.

Ørsta kommunen må no gi ei tilbakemelding på korleis dei vidare skal fylgje opp bekymringar for sårbare innbyggjarar. NRK har tidlegare fortalt om ei psykisk sjuk kvinne i kommunen som fekk lagt medisinen på dørmatta fordi dei tilsette var redde for utagering.

Statsforvaltaren inviterer kommunen til eit møte i haust der dei blir bedne om å legge fram planen.