NRK Meny
Normal

Heimkommunen til Aasen er årets nynorskkommune

Ørsta kommune er årets nynorskkommune 2013. Det er ikkje tilfeldig, seier ordførar Rune Hovde (H).

Ørsta

Ørsta kommune, på Søre Sunnmøre i Møre og Romsdal, blei kåra til årets nynorskkommune 2013.

Foto: Nelly Perdy Øye

Mo, Navarsete og Hovde

Ørsta-ordførar Rune Hovde (t.h.) saman med kommunen- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) og Jostein Mo.

– Det er jo ein gong slik at ein må søke for å få prisen, og vi bestemte oss tidleg denne gongen. Nettopp i Språkåret, 200 år etter at Ivar Aasen blei fødd, ville vi ha prisen.

Ordføraren pratar med NRK ikkje lenge etter at kommunen- og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) har delt ut prisen.

Juryen grunngjev avgjerda mellom anna med at Ørsta driv eit systematisk arbeid for å styrkje nynorskbruken. Les heile grunngjevinga her.

Ikkje veldig overraska

Ørsta-ordførar Rune Hovde seier at kommunen i år har jobba bevisst for å få til ein godt dokumentert søknad.

– Vi ville vise kor bevisste vi var på nynorsk, og vi nådde fram og fekk prisen. Det er eg veldig glad for. I takketalen min sa eg at juryen hadde gjort ein god jobb, og at vi fortente det i år. For vi har verkeleg jobba for dette.

Hovde fortel at han hadde blitt svært imponert om ein annan kommune hadde gjort eit breiare arbeid for nynorsken.

Ivar Aasen er omstridt, over 100 år etter hans død.

Ivar Aasen blei fødd for 200 år sidan i 2013.

Foto: NTB / Scanpix

– Men det hadde i så fall gleda meg veldig, slår Hovde fast.

Det er første gong prisen går til ein kommune i Møre og Romsdal, men kvifor har ikkje Aasen-kommunen Ørsta fått prisen før for?

– Vi har ikkje søkt. Vi bestemte oss for at om det er eitt år vi ønskjer prisen, så er det i Språkåret 2013. Så vi satsa eigentleg mykje på eitt kort, fortel ordføraren.

– Nynorsk er identitet

No har altså prisen hamna på Søre Sunnmøre – der nynorsken betyr mykje.

– Språk er identitet, og for oss er nynorsk identitet, seier Hovde.

– Med 428 kommunar i landet er det klart at nynorsk er grunnlag for ein kommune som ønskjer å skilje seg ut. Og Ørsta, som er Ivar Aasen sin heimstad, har alle føresetnader for å nytte seg av kulturarven og nynorskarven.

Hovde har inga klar oppmoding til andre kommunar som vil ha prisen i framtida, men har ei anna klar oppmoding:

– Vêr med på å gjere nynorsk til det levande og tenlege språket som nynorsk er. Det er ein felles identitet. Bruk nynorsk på ein god måte, og så skal ein gjerne ha alt det vakre, romantiske og poetiske knytt til nynorsk, men for oss er det kvardagsspråket. Og det er eit godt språk å bruke, avsluttar Ørsta-ordføraren.

Rune Hovde

Rune Hovde er ordførar i Ørsta kommune.

Foto: Trond Vestre / NRK