Elevane skal ha vorte trua på livet etter at dei fortalte leiinga ved skulen at ein useriøs agent har fått dei til landet.
Skulen melde i går agenten til politiet og saka vil no verte etterforska.
Også fire elevar ved skulen har no anmeldt agenten til politiet for å ha truga dei på livet.
Rektor Odd A. Steinvåg seier til NTB at det er ni kinesiske studentar ved Møre Folkehøgskule dette skuleåret. Fem av desse har kome til skulen på ordinære vilkår, medan fire er formidla av agentar. Skolen har fått korrekt oppgjer, 56.000 kronar fra kvar av desse fire elevane. Men i etterkant har det kome fram at dei har betalt mellom 100.000 og 130.000 kroner til agenten, som med dette har skaffa seg ei skattefri inntekt på 50.000 til 70.000 kroner per elev ho har formidla.
Shen Jun (til høgre), er ein av dei kinesiske elevane ved folkehøgskulen.