NRK Meny

Orry Larsen har signert

Peter Orry Larsen har i dag signert ein to-årig avtale med Sportsklubben Brann. Det melder klubben på sine eigne heimesider. Orry Larsen debuterte for Aalesunds Fotballklubb i 2007, men fekk ikkje forlenga kontrakten etter førre sesong. Midtbanespelaren frå Sogn og Fjordane var også aktuell for andre klubbar, men går no gratis til fjorårets sølvlag.

Aalesund-spiller Peter Orry Larsen
Foto: Arne Flatin / NRK