NRK Meny

Ørnevegen må vente til neste år

Ørnevegen mellom Geiranger og Eidsdal, har vore innsnevra til ei køyrebane etter ei ras i byrjinga av mai. No må truleg vegen truleg vente til neste år før han blir reparert. I følgje avisa Sunnmøringen har vegvesenet sett av midlar først i 2016 til reparasjon av vegen. Vegvesenet har tidlegare sagt at utbetringsarbeidet skulle skje etter at turistsesongen var slutt no i haust. Det skal vere eit møte mellom Stranda kommune og vegvesenet om saka i løpet av eit par veker.